Ei stolt Lene Gyland med bukken som fall i går kveld. Foto: Privat.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Førre veke starta hjortejakta, og me kan allereie no slå fast at hjorten i Fitjar lever svært farleg.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Hjortestamma på Stordøya er stor og sterk etter ein jamn auke dei siste 50 åra. På 1960-talet var det ein aldri så liten sensasjon å sjå hjort, sjølv om han allereie då var til plage for bøndene, som ville ha graset og potetene sine i fred.

På 70-talet fekk me ein eksplosiv auke, og bøndene må ha hjelp av andre interesserte jegerar for å halda hjortestamma noko lunde i sjakk. I år har viltnemnda i Fitjar gitt grunneigarane løyve til å fella heile 214 hjortar. Desse er fordelte på dei ulike hjortevalda, eller jaktfelta, i Fitjar, og til dømes skal heile 95 hjortar fellast i Øvrebygda.

Og hjortedyra har allereie begynt å falla som fluger. Me har berre snappa opp eit par døme frå den vellukka jakta så langt.

Tidleg søndag kveld felte Håkon R. Sæbø heile hjortar på ein gong på «Håkonarbakkjen», den store, nysådde bakken ved vegen til Svartasmoget.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Denne helga er det besøk frå Trøndelag og frå Agder for å fella fleire. I går kveld var unge Lene Gyland frå Agder heldig og felte ein stor, fin bukk i Risdalen. Og bror hennar, Ruben, skaut ein liten pikar i Anfinnsdalen.

Me som ikkje jaktar, bør nok ta omsyn til at jakta er i gang. Hjorten står formeleg i kø for å bli skoten, og Fitjarposten tek gjerne imot bilete og jaktrapportar frå dei ulike krinsane.

Sjå biletegalleri frå hjortejakta:

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -