Seljaren frå alarmselskapet Sector Alarm nekta å gå då fitjarbu Håkon C. Harvedt sa takk for besøket. Foto: Sector Alarm/privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg har opplevd mange innpåslitne seljarar, men det eg opplevde denne søndagen tek kaka, seier Håkon C. Hartvedt.

Søndagsfreden hadde lagt seg i huset til Håkon C. Hartvedt i Fitjar førre helg, då det ringde på døra.

– Eg slapp inn ein ung mann som representerte Sector Alarm, og lot han få fortelje om alarmane, då eg syntes det var litt interessant. Han forklarte seg greit og oppførte seg høfleg, fortel fitjarbuen.

Nekta å gå

Men situasjonen forandra seg brått då Hartvedt takka for besøket.

– Då han hadde framført bodskapen sin så takka for det og sa eg ville tenke over saka, og at han no kunne gå heim sidan eg hadde fått brosjyremateriell. Men då sat han berre der i sofaen, og nekta å gå. «Eg rikkar meg ikkje før eg har ei avtale!» sa han.

– Då blei eg rett og slett sjokkert! Dette er jo å truge. Men eg sa berre roleg: «Du må nok gå, om ikkje må eg sørgje for at at du går.»

- Annonse -

Til slutt gav seljaren seg og drog frå huset. Hartvedt ringte så til politiet og melde frå om saka.

– Kva om eg hadde blitt redd?

Hartvedt reagerer sterkt på framtoninga til seljaren, og undrar om det er slik at nokre nærmast blir truga til å inngå avtale med alarmfirmaet.

– Etterpå tenkte eg: kva om eg hadde blitt redd, om eg hadde vore eldre og skrøpeleg? Eg er redd for at nokon som opplever dette, skriv under salsavtale fordi dei blir redde eller ikkje ønskjer ubehagelege episodar.

Hartvedt har ei klar oppmoding til andre som får pågåande seljarar på døra.

– Eg har googla Sektor Alarm, og fann ut at det ikkje berre er eg som har opplevd aggressive seljarar frå dette firmaet. Så får du besøk av ein slik seljar trur eg det er best å ikkje opne eller lukke døra kjapt igjen utan kommentar. Slepp dei iallfall ikkje inn!

– Slik skal det ikkje vere

Kommunikasjonssjef i Sector Alarm, Sissel Eckblad, seier dei tek tilbakemeldinga på alvor.

– Eg har snakka med salssjefen vår om saka. Slik som dette skal det ikkje vere. Hos oss er me veldig oppteken av tryggleik og at me er til å stole på. Ikkje minst er me oppteken av måten me frastår på. Me tek denne tilbakemeldinga alvorleg.

Eckblad seier likevel at seljaren som besøkte Håkon Hartvedt ikkje kjenner seg att i situasjonen.

– Salssjefen vår har snakka med seljaren, og det høyrer med til historia at seljaren ikkje kjenner seg heilt igjen. Men når det er sagt skal ikkje dette skje. Me skal absolutt ikkje skremme nokon, og me ønskjer berre å få fram det positive i å investere i bustadalarm.

Stord-lensmann Roald Raunholm rosar Hartvedt for å reagere på situasjonen. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Politiet: – Bra at folk ringer oss

Stord-lensmann Roald Raunholm seier dei får melding frå folk om pågåande seljarar frå tid til annan, og rosar Hartvedt for å klage på framferden.

– Det er bra at han klagar på dette. Det skjer at me får melding om seljarar som er plagsomme eller har gått over ei grense. Det er bra at folk ringer oss når dette skjer, for dei må jo sjølvsagt gå når dei får besked.

Samtidig meiner lensmannen det er vel så viktig å kontakte firmaet seljaren kjem frå.

– Folk kan endeleg politimelde det, men det spørs kva ressursar me har til å følgje dette opp. Rådet mitt er å gi tilbakemelding til firmaet og klage på denne seljaren. Det ville eg gjort som tiltak for å førebygge dette her.

Håkon Hartvedt er tidlegare redaktør i Fitjarposten.

- Annonse -