Foto: Schousen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Den danske kvitevarekjeda Schousen opnar dørene på Heiane førstkomande torsdag.

Schousen har fått 29 år gamle Gjelbrim Shala (29) til å bli butikksjef for den nye butikken på Heiane.

– Me har allereie butikkar i Haugesund, Bergen og Stavanger, men har lenge hatt eit ønskje om å kunne tilby kvitevarar til fleire på Vestlandet, seier Morten Hammelsvang, detaljhandelssjef i Skousen, i ei pressemelding.

Opna i Haugesund i fjor

Varehuset på Stord er nummer 26 i rekka i Norge. For halvanna år sidan opna kjeda eit varehus på Raglamyr i Haugesund.

Butikksjefen kjem frå Danmark og vil no flytte til Stord. Han seier at alt no er klart til opninga.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me har alt klart til opninga, og står klar til å gi god rådgjeving til kvar enkelt kunde. Det blir ein lokal butikk som har som mål å gjera kundane glade, seier Shala i pressemeldinga.

Få tilsette

Den nye butikken vil likevel ikkje føre med sege særleg mange nye arbeidsplassar på Stord.

– I starten blir det meg, og ein eller to ekstra. Eg kjem til å få hjelp frå butikkane våre i Bergen og Haugesund. Men me skal ha ein god service, og ser me at det er behov for fleire vil me tilsettefleire. Me skal jo drive så billig som mulig, men det skal ikke gå ut over kundene.

- Annonse -