Her sit rypene og solar seg, i eit visst ly for den iskalde austavinden. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fitjarposten har vore på rypesafari i Fitjarfjellet og fått nærkontakt med ein flokk på 15 ryper i området mellom Kvednavatnet og Grønafjellet. 

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Meldinga om ryper i Fitjarfjellet gjorde at me brukte ein dag denne veka på å få sjå rypene sjølv, og lukkast svært godt i det kalde godvêret. Då fjellet og austavinden slo mot oss frå Grønafjedlet, fekk me auge på ein flokk ryper i snøen, ikkje så langt borte.

Å seia «me» er kanskje litt upresist, for det var eksperten vår, Arne Devik, som først blei var rypeflokken. Medan eg går og ser ned i snøen og slit i mitt ansikts sved, stoppar den gamle fangstmannen brått opp: – Der er dei! seier han.

Dei var ikkje lette å få auga på, dei kvitkledde fuglane gjekk rundt i snøen 30-40 meter borte. Då me nærma oss, letta dei og fauk eit lite stykke før dei samla seg på ein solrik bergrabbe i ly for vinden, med utsikt nedover mot Kvednavatnet.

- Annonse -

På denne bergrabben sat fuglane i ro medan me nærma oss forsiktig, heilt til me var berre ti meter borte. Då var den spesielle stunda over, og flokken letta og forsvann bak berget.

- Annonse -
- Annonse -

Men så langt borte ere dei nok ikkje, for i dag har pålitelege augevitne hatt nærkontakt med rypene i det same området. Det er truleg ikkje for seint, me unner andre denne spesielle opplevingar, og foreslår at du tar turen. Dette er ei gratis oppleving som du ikkje vil gløyma. God tur!

- Annonse -