Sjåføren vart stansa i kontroll på Vabakken. Foto: Statens Vegvesen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sjåføren blei politimeldt på staden av kontrollmannskapet til Statens Vegvesen på Stord.

Under onsdagens kontroll av 19 tungbilkøyretøy på Vabakken vart det gitt fem bruksforbod på tilfelle av manglande kjennemerke og manglar ved lastsikring.

Men det var spesielt ein sjåfør som Vegvesenet framhevar som spesielt uforsvarleg.

Det blei full stopp og politimelding av sjåføren, etter at han ikkje klarte å oppdrive gyldig sjåførkort i skrivaren på traileren.

– Han vert i tillegg politimeldt for fleire grove brot på køyre- og kviletidsreglane, der det grovaste var døgntime på godt under fire timar, skriv kontrolleiar Jo Kjetil Strand.

– Dette er heilt klart trafikkfarleg og det er veldig skuffande å sjå at dette førekjem i dagens trafikkbilete.

- Annonse -
- Annonse -

Han seier det er uvanleg å finne så grove brot under kontrollane på Vabakken.

- Annonse -

– Det er heldigvis sjeldan at me ser noko så gale. Når dei køyrer heile vekene og har ei døgnkvile på under fire timar, då seier det seg sjølv at det går på ut over tryggleiken.

– Kvar kom sjåføren frå?

– No er eg ikkje så sugen på diskusjonen om utanlandske og norske sjåførar. Men dette var ein norsk sjåfør frå eit norsk selskap. Det er veldig skuffande å sjå at dei held på på denne måten, seier Strand.

Sjåføren måtte setje i frå seg vogntoget og få tak i ein annan sjåfør for å køyre det vidare.

- Annonse -