Foto: HVL
- Annonse -

Årets søkjarartal til studietilboda på Stord er lite lystig lesing. 

Samordna opptak publiserte i dag søkjartala for høgare utdanning i Norge.

Tala syner at den sterke nedgangen som HVL på Stord opplevde i fjor held fram med uforminska styrke. Det samla talet på førstegangssøkjarar til campus Stord er gått ned frå 462 søkjarar i fjor til 361 i år.

Sidan HVL-fusjonen blei for to år sidan har campus Stord mista 150 søkjarar, som svarar til ein tredjedel av søkjarane frå 2017.

Nedgang på nær alle studium

Sjukepleiarutdanninga ved HVL sin campus på Rommetveit opplever i år ei nedgang på heile 18,4 prosent. I fjor var det 179 søkjarar som hadde sjukepleie på Stord som førsteval, men i år er søkjartalet gått ned til 146.

Det står ikkje betre til i lærarutdanninga. Til saman er det 78 personar som har søkt grunnskulelærarutdanninga på Rommetveit, ned frå 92 i 2018. Det svarar til ei nedgang på om lag 15 prosent. Også i fjor var det tilsvarande nedgang i søkjarar til lærarstudia.

- Annonse -

For idrett er nedgangen heile 44,4 prosent, frå 27 til berre 15 søkjarar. Det betyr at studieplassane på 20 ikkje vil bli fullt opp på dette studiet i år.

Søkjartala til barnehagelærar på Stord går også ned, frå 89 til 79 søkjarar, ei nedgang på 11 prosent.

Studia i samfunnsfag og engelsk har omtrent like mange søkjarar som i fjor.

Skuldar på gode tider i næringslivet

Leif Steinar Alvsvåg er leiar for sjukepleiarutdanninga på Stord. Foto: HVL

Leif Steinar Alvsvåg, som har ansvar for sjukepleiarutdanninga på Stord, trur nedgangen for dette studiet har samanheng med dei gode tidene i næringslivet.

– Det er mykje som speler inn på desse tala. Me har hatt ein gledeleg utvikling i fleire år, og den oppgangen kom nok parallelt med utfordringane i næringslivet og i industrien. Når det buttar litt i mot går søkjartala opp for dei såkalla sikre utdanningane innanfor helse, omsorg og utdanning, seier Alvsvåg.

Også nasjonalt går søkjartala ned i sjukepleiarutdanninga, noko som vert forklart med strengare opptaktskrav når det gjeld karakterar i norsk og mattematikk.

– For dårlege på marknadsføring

Alvsvåg ønskjer ikkje uttale seg om HVL-fusjonen er medårsaka til dei fallande søkjartala.

– Eg legg ikkje nødvendigvis noko meir i desse tala endå. Me er fersk som utdanningsinstitusjon, og det tek tid før me får etablert god rekruttering og marknadsføring. Ein kan godt spørje seg om me ikkje i stor nok grad greier å marknadsføre Stord som ein relevant campus.

Han nemner at det er oppretta eit campusråd som skal sjå på konkrete tiltak for å gjere Stord meir attraktiv som studieby.

– Me har no ei arbeidsgruppe som skal sjå på tiltak. Det er dette som vil vere hovudfokuset vårt framover. Me har kanskje Norges finaste campus på Rommetveit. Men det er ikkje nok.

- Annonse -