På denne tomta ønskjer Venstre å etablere friluftsbarnehage med 80-90 plassar. Foto: Gule Sider
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Området ved Solidhuset er perfekt for å etablere ein kommunal friluftsbarnehage. Her er kupert terreng, store og spennande uteområder og mykje anlegg i nærleiken, seier Geir Angeltveit.

Kommunestyret skal torsdag ta stilling til den framtidige barnehagestrukturen i Stord kommune.

Rådmannen rår i saka til at det skal bli planlagt ein ny kommunal barnehage i Sagvåg bydel dei neste åra. Tidlegare er det peikt på ei utviding av Tjødnalio barnehage som løysing, men grunna god kapasitet i barnehagane i dag har ein betre tid på seg til å bestemme kvar den nye barnehagen i Sagvåg skal ligge.

Likevel peikar rådmannen i saka på to tomter som han meiner er mest aktuelle: Tjødnalio og ved Sagvåg skule.

Geir Angeltveit i Venstre. Foto: Hordaland fylkeskommune

Vil heller gå for Nysæter

Ger Angeltveit i Stord Venstre meiner ingen av desse forslaga er gode alternativ, og meiner den nye barnehagen heller bør plaserast ved Solid-huset på Nysæter.

– Litt manglande gangveg og behovet for å omregulere og planera tomten er ikkje meir omfattande enn tiltak andre stader. Denne tomta bør vurderast opp mot dei andre, med utgangspunkt i at ein ønskjer å etablera ein friluftsbarnehage.

- Annonse -
- Annonse -

Stord Venstre ønskjer at den nye barnehagen vert ein friluftsbarnehage, og at dette vert lagt som eit premiss for det vidare arbedet.

- Annonse -

– Området ved Solidhuset er perfekt for å etablere ein kommunal friluftsbarnehage. Her er kupert terreng, store og spennande uteområder og mykje anlegg i nærleiken.

Nærbarnehagar i staden for storbarnehage

Angeltveit peikar på at dei private friluftsbarnehagane på Stord opplever gode søkjartal og god tilbakemelding frå foreldra.

– Skal me etablere ein friluftsbarnehage må me tenkje plassering frå dag ein. Me ønskjer å kunna tilby eit variert og godt tilbod av nærbarnehagar istedenfor ein svær barnehage som administrasjonen og koallisjonen har fronta tidlegare.

– Og ikkje minst vil me ivareta barnehagekapasiteten i Litlabø og Sagvåg, og fordele barnehageplassar jamt rundt i bydelane, seier Angeltveit.

Den nye barnehagen er meint å erstatte dagens kommunale barnehage som ligg i kyrkjebygget på Nysæter, og den nedlagde barnehagen på Litlabø. Barnehagen skal gi 80-90 plassar.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -