Fungerande seksjonsleiar ved Stord DPS, Olav Sævareid, fortel om gode erfraringar med den nye behandlingsmetoden sålangt. Foto: Helse Fonna
- Annonse -

Stord DPS-klinikk behandlar pasientar med tvangslidingar frå heile helseføretaket, med ein ny og supereffektiv behandlingsmetode.

Den nye behandlingsmetoden har som mål å gjere pasientane friske frå sosial angst, panikkliding og tvangstankar, også kjend som OCD, i løpet av berre fire dagar.

Stord har gjennom eit samarbeid med Kronstad DPS i Bergen fått høve til å ta den nye behandlingsmetoden i bruk, som er utvikla av psykologane Gerd Kvale og Bjarne Hansen i Bergen.

– Kronstad DPS er våre mentorar, og me har fått personale frå deira team med i vår gruppe som ein del av vår opplæring. Så vil me etter kvart få eit eige OCD-team, seier fungerande seksjonsleiar ved Stord DPS, Olav Sævareid.

Pasientar frå heile regionen

Dette teamet vil vere såkalla klinikkovergripande, som betyr at pasientar frå heile helseføretaket blir sendt til Stord for denne type behandling.

– Det gjer at me får spisskompetanse på dette feltet, og får ansvar for alle OCD-pasientane som får behandling i Haugesund og i Kvinnherad, seier Sævareid.

Eit ekstremt behov for å vaske er døme på ein typisk tvangshandling. Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -

DPS-klinikken på Stord behandlar også pasientar med angst og panikkliding, men dette er førebels berre for lokale pasientar.

Eit døme på typiske tvangshandlingar pasientar slit med er knytt til vasking. Støv på hjernen, som det ofte blir sagt. Då vil behandlinga i stor grad dreie seg om å eksponere pasienten for skitne omgjevnader.

Må møte si eiga frykt

Pasienten må oppsøke det han eller ho fryktar aller mest, utan å skygge unna.

– Då vil behandlinga i stor grad gå ut på å eksponere pasienten for det tvangshandlingane er knytt opp til. Den første dagen har ein konsultason, og lagar oppgåver saman med pasienten om kva ein skal eksponere seg for. Dei to neste dagane er me ute i nærmiljøet til pasienten. Er det ein pasient frå Karmøy, må me heim dit pasienten strevar.

Etter dei fire dagane vil pasientane bli kalla inn til kontrollar for å sjekke tilbakefall. Parallelt med behandlinga driv dei forsking på resultata.

– Alle pasientane våre er med i eit forskingsprosjekt for å kvalitetssikre at dette virkar, seier Sævareid.

Så langt er det tre grupper som har blitt behandla på Stord, og til hausten planlegg klinikken meir informasjon om tilbodet ut til fastlegar og andre samarbeidspartnarar.

– Me får gode tilbakemeldingar frå pasientar og behandlarar om effekten av behandlinga.

- Annonse -