Øyvind Kyvik stiller seg positiv til biogassanlegg på Eldøyane. Foto: Camilla Aadland/Sysla
- Annonse -

– Den nyvalgte leiaren er et friskt pust i partiet og har mange gode kvaliteter og mykje erfaring som vil være nyttig i det politiske arbeidet for en betre kommune, skriv partiet.

Det var under Stord Høgre sitt årsmøte i slutten av november at Øyvind Kyvik (29) vart valt som ny leiar av Stord Høgre. Han tek over leiarvervet frå Sverre Olav Svarstad.

Kyvik jobbar som ingeniør i Kværner og er i dag ansvarleg for kontinuerleg forbedring i selskapet og har også jobba tett på Johan Sverdrup-prosjektet.

Han har dei siste åra vore styremedlem i Stord Høgre, og har i tillegg ei rekkje verv på Stord. Han er styreleiar i Stord idrettsråd og styreleiar i NITO Kværner Stord. Han har også bak seg verv i hovudstyret til Norsk petroleumsforening.

– Friskt pust

– Med all denne erfaringa er han klar til å vie tida si til politikk til fordel for lokalsamfunnet saman med eit engasjert og visjonært Stord Høgre. Den nyvalgte leiaren er et friskt pust i partiet og har mange gode kvaliteter og mykje erfaring som vil være nyttig i det politiske arbeidet for en betre kommune, skriv Stord Høgre i ei melding.

Kyvik opplyser via partiet at motivasjonen hans for å gå inn som partileiar er sterk og veloverveid.

- Annonse -

– Eg har eit ønskje om å få kunne vere med å vidareutvikle Stord kommune til å bli den leiande kommunen på effektive og gode tilbod til innbyggjarane, seier Kyvik.

Han seier vidare at han synest det er interessant korleis kommunen best kan legge til rette for vekst av allereie etablerte verksemder, og korleis ein skal få nye lønsame arbeidsplassar til Stord.

Ordførarambisjonar

Tidlegare i haust stadfesta Øyvind Kyvik overfor Stord24 at han er motivert til å vere partiet sin ordførarkandidat ved det neste kommunestyrevalet. 

Stord Høgre skriv vidare at dei no er klare for førebuingane til valkampen før det neste valet i 2019.

– Me har no satt i saman eit team som saman med en ambisiøs og målretta leiar skal jobbe godt opp mot valet i 2019

- Annonse -