Øyvind Kyvik stiller seg positiv til biogassanlegg på Eldøyane. Foto: Camilla Aadland/Sysla
- Annonse -

30-åringen frå Sagvåg kan bli ny ordførar på Stord frå neste år, dersom Høgre vinn valet.

I dag har han ingen verv  Stord-politikken, men det manglar likevel ikkje på ambisjonar for 30-åringen frå Sætrevik i Sagvåg.

Øyvind Kyvik vart valgt til leiar av Stord Høgre på årsmøte i november 2017, og varsla tidleg i år i eit intervju med Stord24 at han hadde ambisjonar om å bli partiet sin neste ordførarkandidat.

No har nominasjonskomiteen i Høgre offisielt innstilt han som kandidat.

– Vil bli ein god ordførar

– Me er svært glade for at Øyvind har takka ja til denne utfordringa, og meinar han utvilsamt vil bli ein svært god ordførar for alle på Stord og utad representere Stord på ein framifrå måte, skriv komiteen.

Kyvik, som nyleg har fyllt 30 år, er sambuar og har to sønar. Han jobbar til dagleg som ingeniør i Kværner med ansvar for forbetring i selskapet, og har også jobba tett på Johan Sverdrup-prosjektet. I tillegg har han styreverv som leiar i Stord idrettslag, styremedlem i Stord Næringsråd og i Norsk Petroliumsforening.

Oppteken av lønsame arbeidsplassar

- Annonse -
- Annonse -

– Øyvind har eit sterkt ønskje om å få vera med å utvikle Stord kommune til å verta ein dynamisk kommune med gode tilbod til alle grupper av innbyggjarane. Han er brennande opptatt av ein foroverlent kommune og korleis me best kan leggja til rette for vekst av allereie etablerte bedrifter, og korleis me skal få nye lønnsome arbeidsplasser til Stord, skriv Høgre.

Endeleg avgjerd for å bli ordførarkandidat skal ske på partiet sitt nominasjonsmøte 6. september.

- Annonse -