Foto: Reddit
- Annonse -

Hurtigmat-restauranten på Amfi Stord har fått svært mange reaksjonar etter ei heller mislukka engelskoversetjing av ein lapp dei hang opp under brusdispenserane.

På lappen står det med utheva skrift at det ikkje er gratis påfyll av brus. Dersom ein vil ha det må ein til kassen der ein kan få halv pris på ordinærpris. Under dette har dei oversett teksten til engelsk, med eit mindre vellykka resultat.

No er innlegget hamna på topp på nettsamfunnet Reddit i Noreg.

Fleire har nemleg latt seg underhalda av Burger King sitt forsøk på å oversette teksten til engelsk. På lappen vert det vist til at ein får 50 prosent rabatt på påfyll av brus i kassen, noko som vert oversett til «the box» på engelsk.

Reddit er eit nettsamfunn der ein kan stemme opp eller ned innhald som vert lagt ut av andre brukarar, alt etter kva ein likar. Det er her lappen som heng på Burger King Stord har trona listene dei siste dagane.

Innlegget har så langt fått 687 såkalla «upvotes» og 57 kommentarar.

- Annonse -
- Annonse -

I kommentarane på Reddit har fleire notert at bruken av utheva skrift på den engelske versjonen er feil. I kommentaren står det: «Også interessant at no ikke skrives med caps lock, men at FREE REFILL absolutt gjør det.», så om ein er ein lite merksam amerikanar så kan det fort virke som at det faktisk er gratis påfyll.

Vidare er det den generelle oversettinga som har størst underhaldingsverdi. Fleire stiller seg blant anna undrande til kva ”the box” er, og korleis dei har klart å oversette kassaapparat til dette. Ein brukar skriv: «Synes det er sjarmerende at personen ga faen i prøve å oversette.»

- Annonse -

”Skulle man komme til å glemme hva kassaapparat heter på engelsk går det kanskje an å slå opp i ei ordbok i stedet for å ringe Petter Solberg?” seier ein brukar og siktar til Rallycrossføraren Petter Solberg, som i tillegg til sine ferdigheitar bak rattet er kjend for å vere noko ustødig i engelsk.

Ikkje nok med dette er det fleire som lar seg provosere av at det ikkje skal vere lov å få påfyll av brus. I ein av kommentarane står det: «I så fall kan Burger King Stord for helvete se til å tappe brus over disk. Såpass service må man forvente uten gratis påfyll.»

Det har ikkje lukkast Stord24 å få ein kommentar frå dagleg leiar ved Burger King Stord.

Burger King på Stord tenker utforbi eska, eller boksen. from norge

- Annonse -