Overlege og forskar ved Stord sjukehus, Magdy El-Salhy, fekk gjev pris under konferansen United European Gastro Week (UEGW) Foto: ESNM
- Annonse -

Overlege og forskar ved Stord sjukehus, Magdy El-Salhy, har publisert forsking som gir håp for pasientar med irritabel tarm.

Irritabel tarm gir redusert livskvalitet til mellom 8 og 25 prosent av befolkinga og er ei stor belastning på helsevesenet, skriv Helse Fonna.

I dag finst det ingen effektiv behandling, men forskinga til ein overlege på Stord, Magdy El-Salhy, gir no håp til denne pasientgruppa.

Magdy El-Salhy. Foto: privat

– Irritabel tarm er ein vanleg sjukdom som kan gi store plager hos den som er råka. Dei får ubehag eller smerter i magen og diaré eller forstopping. For mange er plagene så kraftige at det går ut over livskvaliteten, seier El-Salhy.

Han får no internasjonal merksemd for forskinga si, og har i haust blitt tildelt to prisar for artiklar basert på ein ny studie som omhandlar behandling med tarmbakteriar.

Vellukka resultat

Helse Fonna skriv at studien viser at eit stort fleirtal av pasientar med irritabel tarmsyndrom blir friske etter å ha fått overført tarmbakteriar frå ein frisk donor.

- Annonse -

– Irritabel tarm råkar ofte unge menneske i ein fase av livet der dei ønsker å etablere seg med jobb og familie. Denne sjukdomen gir tilsvarande belastning på livskvaliteten som det å leve med diabetes eller nyresvikt. Ei effektiv behandling som fjerner plagene frå mage- og tarmsystemet vil betre livskvaliteten for mange tusen menneske, meiner El-Salhy.

No kan behandlinga bli vanleg ved norske sjukehus.

– Studien vår er nok vitskapleg dokumentasjon for at denne behandlinga nå kan bli gitt som tilbod til pasientar i ordinær behandling, seier El-Salhy.

Transplanterer bakteriar

Behandlingsmåten føregår vev at ein transplanterer avføring som er rik på sunn bakterieflora frå ein frisk donor til paienten. Det skjer ved at ein slange blir ført gjennom munnen og ned til tolvfingertarmen til pasienten. Transplantasjonen bidrar så til at pasienten får ein betre bakterieflora som igjen gir betring frå sjukdomen.

I studien som er gjennomført av overlegen på Stord blei heile 89 prosent av pasientane som fekk den høgaste dones betre av behandlinga, og 47 prosent blei symtomfrie.

– Me har følgt opp pasientane i ettertid og 90-95 prosent er framleis friske etter eitt år. Vi får nøyaktige tal på dette i desember, seier El-Salhy.

Han rosar arbeidsgivaren Helse Fonna for å legge til rette for denne type forsking.

– Forskingsavdelinga i Helse Fonna har med dette lukkast i å gjennomføre internasjonalt prisbelønna forsking som direkte gir betre behandling til mange tusen pasientar, seier han.

- Annonse -