Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Den 51 år gamle mannen frå ein kommune i Sunnhordland, som står tiltalt i ein svært alvorleg overgrepssak, gjekk hardt ut mot retten i starten av rettssaka.

Måndag starta den fire veker lange rettssaka, der firebarnsfaren er tiltalt for svært grove overgrep mot dottera, samt vald og trugslar mot familien sin og barnevernstilsette.

Det mest alvorlege punktet i tiltalen er overgrepa mot dottera, som starta då ho var fire år, og har halde heilt fram til i fjor då ho hadde fylt 22. Dette inneber mellom anna valdtekt.

Mannen er også tiltalt for å ha utsett andre familiemedlemmer for grove trugslar, vald og fridomsrøving. Han er mellom anna tiltalt for å ha slått kona si slik at tenna hennar lausna.

51-åringen risikerer lova si strengaste straff dersom han blir dømt.

Nekta straffskuld

I innleiinga i rettsaka, då mannen skulle svare ja eller nei på skuldspørsmåla, gjekk mannen hardt ut mot skuldinga mot han.

- Annonse -

– Eg har aldri forgripe meg på mine barn. Dette er ei oppfinning av eit sjukt menneske. Eg har aldri forgripe meg på nokon barn.

Vidare kom mannen med svært dryge skuldingar mot dottera.

– Du skal få høve til å gi ein forklaring seinare, men i innleiinga skal du berre svare ja eller  nei, avbraut dommar Frank Schmidt.

Mannen ga uttrykk for stor frustrasjon over at han ikkje har fått høve til å forklare seg i løpet av det siste året han har vore varetektsfengsla.

– Eg har site eitt år i fengsel for noko som eg ikkje har gjort, utan at eg har fått seie noko. Eg har eit dårleg hjarte, sa 51-åringen.

Nekta å vere faren til jenta

Mannen haldt fram med å gå hardt ut mot dottera, som er offer for dei mest alvorlege tiltalepunkta i saka.

– Dette er hennar sjuke oppfinning. Eg vil ikkje at du skal kalle ho for dottera mi, for det er ikkje bevist. Eg krev ein farskapstest, sa mannen.

– Så lenge du er oppført som far i folkeregisteret så er det det me må kalle deg, svarte dommaren.

Heller ikkje når det gjeld tiltalepunkta som går på fysisk mishandling av ekskona eller dei andre borna erkjente mannen straffskuld.

– Eg har aldri slått ho. Det einaste eg har blitt sint for er steling. Begge gongane då ho har stele har eg blitt sint på ho, men elles har eg ikkje slått. Sønene mine har fått nokre klaps i bakhovudet, men dette er ikkje noko mishandling.

Mannen fekk så beskjed om at måtte vere i eit anna rom, og følgje saka via video, då barna skulle forklare seg.

Fekk åtvaring

Etter innleiinga skulle politiadvokat Marte Engesli Lysaker forklare bakgrunnen for den omfattande tiltalen og for programmet for den fire veker lange rettssaka.

Ho vart fleire gonger avbroten av tiltalte undervegs. Det førte til at dommaren fleire gonger måtte irettesetje mannen. Til slutt mista dommaren tålmodet.

– No må du høyre kva eg seier. Eg kjem ikkje til å akseptere at du tek ordet. No får du ei åtvaring, og viss du ikkje høyrer på dette må du sitje ein annan stad.

Ekstrem sosial kontroll

Utanom vald og mishandling, er mannen også tiltalt for ekstrem sosial kontroll mot dottera si, fram til ho var vaksen. I følgje tiltalen har han ikkje gitt ho til å gå i bursdagsselskap dersom det var gutar til stades, og sjekka jamnleg PC’en og mobiltelefonen hennar. Ho fekk heller ikkje lov til å gå ut av leilegheita si utan å informere han.

Saka vart kjend for politiet då familien oppsøkte eit krisesenter i fjor. Den tiltalte mannen kom då også mot grove trugslar mot ein barneverntilsett.

Dersom ikkje familien fekk flytte heim igjen til han, uttalte han at dei hadde å gjere med «ein veldig farleg mann», og at den tilsette var i stor fare. Han uttalte vidare at dette ikkje var trugslar, fordi trugslar var ting som ikkje kom til å skje, og dette kom til å skje.

- Annonse -