- Annonse -

Ingen forstår kvifor akkurat denne videoen gjekk viralt på nettet.

I sommar, då veteranskipet MS Sunnhordland hadde lagt frå kai i Rosendal, med kurs for Arendalsveka, bestemte tre vågale ungdommar å gjere eit lite stunt.

Lena Velure Framnes og Jøran Isaksen Irgens frå Stord, og Eirik Larsen frå Fitjar, hadde alle tre sommarjobb om bord på veteranbåten, og fekk ideen om å hoppe i sjøen frå det øvste dekket på båten.

Seansen vart fanga på video og lagt ut på MS Sunnhordland si Facebook-side, i likeins med mykje anna videoinnhald som blir presentert av gjengen bak veteranskipet. Men akkurat denne videoen skulle ta heilt av.

Videoen har så langt hatt 1,1 millionar visningar, og innlegget har nådd ut til 4,2 millionar personer over hiele verda.

– Me sit og lurar fælt på kvifor denne videoen har teke sånn av, seier Sigbjørn Framnes i MS Sunnhordland.

- Annonse -

Han fortel at dei ikkje har gjort noko som helst for å spre videoklippet.

– I starten delte me videoane våre på forskjellige sider for å få meir merksemd, men denne har gått heilt av seg sjølv.

– Det er vel god reklame for båten?

– Det er kjempegreier for oss dette.

Sjå videoen her:

????????⚓️ Enkelte ombord på Veteranskipet M/S Sunnhordland er tøffare en andre????Skipet ligg her i Rosendal og for desse hopparane er Hardangerfjorden måletSteike tøffe?

Publisert av Veteranskipet M/S Sunnhordland Torsdag 9. august 2018

- Annonse -