Illutrasjonsfoto: Foto: Fitjar Kraftlag
- Annonse -

I 8.30-tida torsdag morgon mista over eit halvt tusen stordabuar straumen. To timar seinare har dei fleste fått straumen tilbake.

– Det var i overkant av 500 som mista straumen i områda Rommetveit og Grov. Me veit ikkje akkurat grunnen, men feilen har skjedd på ei høgspentledning, opplyser kommunikasjonssjef Gunn Margareth Lassesen til Stord24.

Klokka 10.25 opplyser Haugaland Kraft at dei aller fleste har fått strauen tilbake.

– No er det 38 personar som manglar straum, og det tek nok ikkje så lang tid før også desse får straumen tilbake.

Kraftselskapet opplyser at dei ventar at alle skal ha straumen tilbake innan klokka 11.30.

Straumbrotet oppsto klokka 8.32.

- Annonse -
- Annonse -