Illustrasjonsfoto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det vart ein dyr quiztorsdag for fleire titals sjåførar som fekk 900 kroner i bot for å ha parkert ulovleg på Leirvik Torg.

– Over 30 bilar vart bøtelagde med 900 kroner medan dei var ute og hygga seg på quiz og julebord. Det har alltid vore fullparkert på torget kvar quiz-torsdag i 7-8 år og ein har ALDRI blitt bøtelagt tidlegare, skriv ein tipsar til Stord24.

Den populære quizen på Arena trekkjer så mykje folk at det plar vere fullt på dei ordinære parkeringsplassane på torget. Difor har folk i ei årrekkje trassa reglane, og nytta torgplassen som parkeringsareal.

Men i går burde dei tenkt seg om ein ekstra gong.

Dei uheldige sjåførane som parkerte inst på Leirvik Torg fekk heile 900 i bot frå parkeringsvaktene. Dermed kan sjølv ikkje vinnarane av torsdagsquizen på Arena notere seg pluss i privatøkonomien torsdag kveld, medan Stord kommune fekk altså ein saftig gevinst.

Innanfor reglane

- Annonse -
- Annonse -

Arbeidsleiar i vegavdelinga i Stord kommune, Roar Lunde, forklarar at det ikkje er noko nytt at det har vore ulovleg å parkere inne på sjølve torget.

– Det har alltid vore vedtak om at det er ulovleg å parkere her, men det kom opp skilt først for to veker sidan. Så dette er ikkje så godt å kome frå.

- Annonse -

Sjølv om Lunde forstår frustrasjonen til folk meiner han at dette må til for at folk skal forstå at det er ulovleg å parkere her.

– Eg forstår jo godt at folk blir frustrerte, for me køyrer jo mykje av gammal vane på øya og ser ikkje så lett nye skilt. Men det er nok innanfor reglane. Dette er ein torgplass og ikkje ein parkeringsplass.

Ulovleg køyring

Bakgrunnen for innskjerpinga er mykje ulovleg køyring og der folk nytta Torget som ein snarveg. Tidlegare i haust vart det også sett opp steinblokkar slik at ikkje folk skal kunne køyre over torget frå Torgbakken.

– Etter at Torget blei bygd om har me hatt eit stort problem med at mange har køyrd inn ulovleg på kveldstid. Me har fått mange klagar frå Torghandlarane, og spesielt på kveldstid har det vore eit problem at folk har køyrt gjennom i full fart. Det blei ein snarveg for mange, seier Lunde.

- Annonse -