Foto: Fiskeridirektoratet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tips førte til ein storaksjon i Sunnhordland bassenget. I løpet av tre dagar ble heile 100 ulovlege reiskapar teke inn.

Det var under ein samordna aksjonen mellom Fiskeridirektoratet, Kystvakta, politiet og Statens naturoppsyn (SNO) at utstyret blei funne.

Aksjonsområdet omfatta blant anna Stord, Bømlo og Halsnøy.

– Så langt er det oppretta 21 saker som blir overlevert politiet for vidare behandling, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest i ei pressemelding.

Direktoratet er nøgd med aksjonen og varslar nye i tida som kjem. For det er feil ved fiskereiskapane som går igjen.

- Annonse -

– Det blir synda med fluktopningar i teiner, merking av bruk og røkting. Dette er reiskapar for tusenvis av kroner som kunne blitt ståande dersom regelverket blei følgd, seier Iden.

- Annonse -
- Annonse -

To krepselenker på høvesvis 34 og 20 teiner var blant det som blei dratt opp av sjøen. Mange av beslaga gjeld blant anna ikkje godkjende fluktopningar i teiner, eller merking av bruk og røkting.

– Denne tverrfaglege aksjonsformen gir gode resultatar, og fleire aksjonar er planlagd i tida fremover, åtvarar Iden.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -