Kari Veiteberg vart tidlegare i år vald til ny biskop i Oslo. Foto: Kirkens Bymisjon
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stordabu Kari Veiteberg gav sin hyllest til det kontroversielle teaterstykket «Ways of Seeing». I stykket blei det brukt bilete av justisminister Tor Mikkel Wara sitt hus, der det seinare blei utført grovt hærverk.

Teaterstykket har skapt kontroverser fordi fleire politikarar mot si vilje har fått heimane sine vist fram på scenen, blant anna justisminister Tor Mikkel Wara (Frp).

Så vart det altså i går kjent at nokon har forsøkt å tenne på bilen til Wara, og har tagga «rasist» på bilen og husveggen hans. Politiet har starta etterforsking av saka og ser på handlingane som svært alvorlege.

Hylla teaterstykket

For ei veke sidan publiserte stordabu og Oslo-biskop Kari Veiteberg eit innlegg på Facebook der ho hylla teaterstykket og oppmoda alle til å sjå det.

Det har skapt sterke reaksjonar, mellom anna av Civita-leiar og tidlegare Høgre-statsråd Kristin Clemet.

– Må seie eg blir ganske nedstemt av at me har ein biskop i Oslo som hyllar ein teaterførestilling, der folk som Tor Mikkel Wara blir framstilt som rasistar, go der dei ansvarlege har trengt seg inn på menneske som aldri har søkt offentlegheita, skriv Clemet på Twitter.

- Annonse -
- Annonse -

Fleire hundre har likt eller retweeta utspelet til Kristin Clemet på Twitter.

Ho skriv vidare at biskop Veiteberg ofte framstår politisk og lite inkluderande overfor dei ho er usamd med eller ikkje kan identifisere seg med.

Forklarar ikkje kvifor ho fjerna innlegget

Clemet reagerer også på at Veiteberg plutseleg har fjerna Facebook-innlegget etter at hærverket mot Wara vart kjent.

– Det er dessutan veldig merkeleg at biskopen publiserer ein politisk hyllest som ho så slettar utan å forklare kvifor, medan denne viktige debatten pågår.

Også den konservative bloggaren Nina Hjerpset-Østlie kritiserer biskopen i i eit blogginnlegg.

«Kven bryr seg om at lovleg valde politikarar sine familiar kjenner seg truga i eige heim i eit demokrati, liksom? Ikkje biskopen i Oslo, i alle fall».

- Annonse -