Gruppeleiar i Stord FrP. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Halvparten av eigedomsskatten dei siste fire har gått til drift i Stord kommune. Desse millioane kunne bli brukt på Nysæter ungdomsskule.

Av: Sigbjørn Framnes,
Gruppeleiar, Stord Frp

Etter å ha lese rådmannen sine bekymringar er eg endå mindre trygga over det ordføraren omtalar som den «gode» drifta. Eg ser han også snakkar usant om resultatet som er skapt dei siste fire åra, og sjølvsagt skuldar han på sitjande regjering!

Ordføraren meiner me dei siste fire åra har eit samla overskot på over 100 millionar. Det som er det riktige talet er 87,68 millionar! Men då må me også hugse at innbyggjarane i same periode har innbetalt ca. 160 millionar kroner i eigedomsskatt. Då er altså 72,32 millionar kroner brukt for å dekke drifta av kommunen!

Dei 72 millionane kunne bli brukt på ny ungdomsskule på Nysæter. Heile tanken bak eigedomsskatten er at den skulle brukast til investeringar.

I tillegg seier ordføraren at resultatet er grunna lite overføringar frå sitjande regjering. Det stemmer heller ikkje. Overføringane er rekordhøge. Går ein inn på Kostra-tala til SSB kan ein sjå at Stord kommune har høgare frie inntekter enn samanliknbare kommunar. Altså er heller ikkje denne påstanden korrekt!

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eg håpar du som les dette har fått eit anna bilete på kva som er rett med tanke på økonomisk styring av vår kommune.

Kjem Framstegspartiet i posisjon på Stord vil me effektivisere drifta og ikkje minst prioritere annleis. Me ønskjer prioritet av lovpålagte oppgåver, framfor eksempelvis oppbygging av leikeområde i sentrum.

Kva tenkjer du me som kommune bør prioritere?

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -