- Han er ein flink fyr som lagar bra ting, så det var veldig kjekt å bli spurt, seier Stord-ordførar Gaute Epland (t.v.) som er tildelt ei rolle i Severin Eskeland sin komande kortfilm "Final Girl". Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24/Eske & Horn filmproduksjon
- Annonse -

Om Gaute Epland trer inn i rolla som kaldblodig rikmann på menneskejakt, eller om han er den som blir jakta på, gjenstår for oss å sjå på lerretet.

– Det blir ein film som stikk litt i sjangeren. Ein slags satirisk skrekkfilm der eg driv litt gjøn med den sjangeren eg likar best sjølv. Eg veit kor føreseieleg sjangeren er, og for å lage ein tvist kan ein like gjerne gå litt bananas med å ta med folk som ein aldri hadde forventa å sjå i ein skrekkfilm.

Det fortel filmregissør Severin Eskeland. Han har planlagt sitt neste prosjekt heilt ned på detaljnivå, som kva jukseblod han skal bruke og kva røyk som skal nyttast i Stord-skogane.

Alt for å skape ei fullkomen filmoppleving.

Utsett igjen og igjen

Stordabuen, kjent for mellom anna spelefilmane Snarveien (2009) og Lyst (2017), samt den prisvinnande novellefilmen Allodium (2019), blir berre meir og meir kritisk til eige arbeid. Det har resultert i at den komande filminnspelinga har blitt utsett igjen og igjen – nettopp fordi blodet frå England har vore forseinka.

Og fordi han ikkje fekk tak i akkurat den lampen og akkurat den røyken han ønska seg.

- Annonse -

– Før laga eg kortfilmar på eit par dagar, men når ein vert meir og meir kritisk til sitt eige verk, blir ein meir og meir sjølvkritisk og då lagar me ikkje film berre for å lage film, fortel Eskeland.

– Me lagar film for at det skal bli så bra som overhovudet mogleg.

Severin Eskeland ser fram til å endeleg vere på settet igjen. I midten av juli går startskotet for innspelinga av «Final Girl». Foto: Eske & Horn filmproduksjon

Om menneske på menneskejakt

No er omsider alt spikra og i midten av juli går Eske & Horn filmproduksjon i gang med opptaka til det som i kjent Severin-stil vil bli ein grotesk film i skrekksjangaren.

Hovudinspirasjonen denne gongen er den amerikanske filmen The Hunt, ein sorthumoristisk overlevingsthriller som kom ut i fjor.

– Ein er jo alltid på jakt etter nye idear, men så føler ein samtidig at alle ideane er brukt opp. Det får ein til å tenkje ekstra mykje, og i fjor såg eg ein film som handla om noko så standardmessig som at nokon blir sleppt ut i ein skog og så blir dei jakta på av rike «businessmenn» – som den ultimate jakta.

Posteren til kortfilmen Final Girl som er planlagt å ha premiere i oktober. Foto: Eske & Horn filmproduksjon

– Dette er gjort mange gonger før, men så tenkte eg: Kva om dei som vil jakte, og som har sleppt desse folka laus, har gløymd eit av offera sine i skogen?

Varslar valdelege scener

Eit sentralt stikkord i den nye kortfilmen som har fått tittelen «Final Girl», er altså hevn.

– Konseptet er veldig enkelt, men likevel litt originalt, synest me.

– Blir det groteskt?

– Ja, det blir det, svarar Eskeland kontant.

På spørsmål om kva aldersgrensa vil bli, svarar han at det i alle fall ikkje blir ein familiefilm.

– Då spørs det veldig kva slags familie du har, seier han og ler.

Leiter etter fine Stord-skogar

Eskeland fortel at sjølve innspelinga av Final Girl kan bli nokså utfordrande, ettersom alle scenene finn stad til skogs.

– Det er om å gjere å finne dei rette plassane for å halde det friskt. Ein kortfilm som primært er i ein skog må ha ein fin skog – det er ikkje berre til å gå ut i Hystadmarkjo.

Final Girl vil ikkje rulle på skjermen i meir enn 10-14 minutt og vert skildra som ein «veldig berg- og dalbaneoppleving». Premieren er førebels sett til oktober 2021.

Magdalena From Delis skal spele hovudrolla i den komande Final Girl. Her frå ei scene i 2017-filmen «Lyst». Foto: skjermbilete frå Lyst-trailer

I hovudrolla finn ein multikunstnaren Magdalena From Delis, som også spelte hovudkarakteren i grøssaren Lyst.

– Det er på tide at me slår oss saman igjen. Knuse ut noko ekstremt, seier Eskeland forventningsfullt.

– Knuse ut?

– Ein må bruke nokre harde ord i denne bransjen, ler regissøren.

Strategiske skodespelarval

Eit meir overraskande namn på rollelista er Stord-ordførar Gaute Epland.

– Eg synest det er kjempegøy. Eg kjenner han jo litt frå før, han har jo også vore lærar, og eg spurte han på gøy om han hadde tid og lyst til å bli med på noko rolp. Reaksjonen var: «Eg er med!».

– Det er kult at slike folk stiller opp på ting som dette. At dei ikkje tek seg sjølv så høgtideleg. Det set me stor pris på. Det er ikkje mykje skodespel på desse andre rollene, men effekten dei vil ha for sjølve historia, den er gigantisk.

– Har valet noko med det å gjere at Epland også er så profilert som han er?

– Det ligg jo litt i korta at ein vel figurar som folk veit om. Og han er ikkje den einaste kjende, men dei andre namna kan me no halde litt igjen. Men det handlar litt om at publikum gjerne vil tenkje «OK, dette kan jo bli morosamt å sjå!».

– Veldig kjekt å bli spurt

Epland på si side syntes det var stas å få førespurnaden frå Eskeland.

– Eg kjenner jo Severin, og er kjent med prosjekta og engasjementet hans. Han er ein flink fyr som lagar bra ting, så det var veldig kjekt å bli spurt og å få lov til å vere med på dette.

– Eg hadde ei ikkje ubetydeleg rolle i Spinae Company sin siste oppsetjing, ei stemme i Aladdin. Og no skal eg vere med i ein film. Så eg har noko å falle tilbake på når eg er ferdig som ordførar. Det held på å ta heilt av dette, seier Epland humoristisk.

Ordførar i Stord kommune, Gaute Epland, ser fram til filminnspeling i sommar. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Han seier at han veit lite om kva han eigentleg har sagt ja til, men at han har fått beskjed om å ta med bytteklede. Han kjem nemleg til å bli våt.

– Kva gler du deg mest til?

– Eg gler meg til å finne ut kva dette er for noko. Og så blir det jo spennande å sjå det endelege resultatet når den tid kjem.