Rådmann Magnus Mjør, kommunalsjef Lovise Vestbøstad, stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) og ordførar Gaute Epland (Ap) trappa mannsterke opp på statsrådens kontor tysdag. Foto: Gaute Epland
- Annonse -

Med ei rekkje viktige strategiske møte har Gaute Epland (Ap) ei unormalt travel veke.

Ordføraren, rådmannen, kommunalsjef Lovise Vestbøstad og stortingspolitikar Liv Kari Eskeland (H) var i går møte med kommunalministeren der reversering av E39-vedtak sto på agendaen.

Bakgrunnen er at regjeringa i fjor fatta vedtak om å gå for alternativ 4 for ny firefelts E39 over Stord, av fem ulike alternativ for korleis traseen skulle bli. I dette alternativet vil vegen gå gjennom Landåsen utan tunnel, noko som skapte skuffelse blant mange Stord-politikakarar

Vil sikre meir av Landåsen

Men sjølv om det er over eit år sidan vedtaket vart fatta, har ingenting skjedd med planarbeidet.

Difor tok ordførar Gaute Epland (Ap) initiativ til eit møte med kommunalminister Monica Mæland (H), for å få regjeringa til å fatte eit anna vedtak.

Epland fortel at dei ikkje fekk noko lovnader på møtet om at regjeringa ville vere opne for å sjå saka på nytt.

- Annonse -

– Dei sa at terskelen er høg for å gjere om på slike vedtak, men her er utgreiingsarbeidet gjort for alle alternativa. Dei var ikkje avvisande, men gav heller ikkje eit definitivt svar.

I førre runde ønskte Stord-politikarane alternativ 5, som medfører tunnel gjennom heile Landåsen. Dette var det dyraste alternativet, og møtte motbør frå Vegvesenet. Difor jobbar ein no for alternativ 2. Dette alternativet liknar på den vedtekne traseen, men her er vegen plassert nærare dagens E39, slik at meir av friluftsområdet i Landåsen vert verna.

Drar tilbake for å snakke om Hordfast

Rett etter gårsdagens møte i Oslo drog han heim til Stord for å vere med på nominasjonsmøtet til Arbeidarpartiet.

Så gjekk turen tilbake igjen til Oslo i dag tidleg. Dagens program i hovudstaden er møte med samferdselsminister John Georg Dale (Frp) om det etterlengta vedtaket om sørleg eller midtre kryssing av Langenuen for ny E39.

GIR SEG: Sorenskrivar Knut Gramstad går av med pensjon neste sommar. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Måndag hadde ordføraren også eit viktig strategisk møte i Bergen med Domstolsadministrasjonen om den usikre framtida til Sunnhordland tingrett. Som Stord24 tidlegare har skrive er tingretten i fare for å bli lagt ned når sorenskrivar Knut Gramstad går av med pensjon neste sommar.

Heller ikkje er vart ordføraren noko klokare,

– Dei sa ikkje rett ut kva dei kom til å gjere, men dei viste til at dei har eit vedtak som tilseier at ved naturleg avgang skal dei alltid vurdere om dei kan innføre felles leiing med nærliggande tingrettar. Difor kjem dei til å vurdere felles leiing med Haugaland tingrett, seier ordføraren.

Vil ha konstituert sorenskrivar

Forslaget til Epland er å tilsetje ein konstituert sorenskrivar slik at ein ikkje forhastar seg.

– Det me var oppteken av er å konstituere ein ny sorenskrivar så lenge me har uavklarte prosessar. Til dømes i lys av at ein skal sjå politistrukturen på nytt år Hordfast er etablert. Så lenge desse tinga ikkje er ferdige bør ein ikkje endre på tingretten.

– Me kjem til å halde fram med å jobbe for å bevare tingretten på Stord. Helst med eiga leiing, men iallfall at det skal forbli ei fullstendig eining, seier Epland.

 

- Annonse -