Emil Tranøy Aasheim er formann i Sunnhordland FpU. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Å stille seg kritisk til innvandring og framande kulturar er ikkje rasisme, det er ytringsfridom, skriv leiaren i Sunnhordland FpU.

Av: Emil Tranøy Aasheim
Formann, Sunnhordland FpU

Viser til Salman Chaudhry sitt innlegg i Stord24 den søndag 11. november.

Jo, Salman Chaudhry, ytringsfridomen er faktisk til for å forsvare kontroversielle standpunkt. Ordet kontrovers betyr nemleg «omdiskutert, omstridt og noko det kan stris om».  Om me ikkje kan stris eller være usamde om saker, kva har me då ytringsfridom for?

Debatten om framande kulturar og andre religionar er noko som alle parti skyr som pesten, til og med mitt eige parti, FrP. Det har blitt slik, at viss du stiller deg kritisk til andre kulturar eller religionar så blir du med ein gong stempla som ein rasist. Dette har blitt ein godt brukt strategi frå venstresida, for å demonisera folk som stiller seg kritisk.

Når ordet «rasisme» først vart tatt i bruk, betydde det at ein meinte sin egen «rase» var genetisk overlegen andre menneskerasar. Om ein stiller seg kritisk til den islamske religionen, så har det ingenting å gjere med verken hudfarge eller etnisitet, men med verdiar knyta opp mot religionen. Kjem du med ein kritisk kommentar til islam, vil du i dag uansett bli kalla for ein rasist.

- Annonse -
- Annonse -

Men det er faktisk ikkje utan grunn at nordmenn stiller seg kritisk til innvandring; innvandrarar er nemleg overrepresentert på kriminalstatistikken, spesielt om enn justerer den etter folketalet. 34 prosent av alle innsette i norske fengslar er nemleg utanlandske statsborgarar, medan dei kun står for 14 prosent av befolkninga.  Dei fleste av disse er frå Øst-Europa, og sitt som oftast inne for vinningskriminalitet.

Om ein ser på kriminalitet begått av innvandrar med arabisk kultur eller som menneskjer som identifisera seg med den islamske religionen, ser me at lovbrota ofte er av ein grovare natur; drap, sedelighetslovbrot og narkotikalovbrot. Kvifor er det då «rasistisk» å påpeike dette?

- Annonse -

Me får ofte høyre i samfunnsdebatten at me bør skjemst fordi me har det så bra i Norge, medan det går så dårleg i andre delar av verden. Eg er ueinig. Eg meinar at me få lov til å kunne slå oss på brystet, å væra stolt over at me er nordmenn, være stolt over kulturen vår og være stolt over at Norge er verdens beste land å leve i.

For det er ikkje så enkelt at me har vært «heldige», me har faktisk ikkje fått rikdomen vår oppi nevane, men generasjon på generasjon har jobba for at me som lev i dag skal ha det så godt. Me er eit land der alle har stemmerett uansett kva legning og kjønn dei har, me har likestilling mellom kjønna og me har eit sterkt fokus på at alle skal ha det godt.

Så om 39 prosent av Norges befolkning meinar at muslimar utgjer ein trugsel for norsk kultur, og at kvar femte person ville mislikt å ha ein muslim i vennekretsen eller som nabo, så er faktisk ikkje dette rasisme, det er ein heilt legitim bekymring, som er støtta opp av statistikk lagt fram av SSB.

Det er derfor eg vart medlem av Fremskrittspartiet; fordi eg tør å ta den vanskelege debatten som må takast. Me er nøydt, og me skal stille harde krav til dei som ønsker å busette seg her, for å sørge for at dei deler våre syn og verdiar.

Å stille seg kritisk til innvandring og framande kulturar er ikkje rasisme, det er ytringsfridom, og det er heilt legitime meiningar.

- Annonse -