Båtbrann i Kårevik. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eigaren klarte sjølv å sløkke brannen før brannvesenet kom til staden.

Alle naudetatane rykka måndag morgon ut til melding om ein båt som sto i full fyr ved ein garasje i Kårevik.

– Etter det me forstår så er det ein båt som har teke fyr. Eigaren har gjort sitt for å sløkke brannen, og det har han klart. Då brannvesenet kom til staden var brannen ferdig sløkt, seier innsatsleiaren i politiet.

Eigaren framsto noko medtatt etter brannen, og blei tilsett av ambulansepersonell på staden.

– Eg trur han har fått litt røyk på seg då han sløkt brannen, og fått seg ein karamell i hovudet.

– Brann det godt?

- Annonse -

– Det har nok vore opne flammer her ja. Det ser ein jo på kalesjen på båten.

Eiageren av båten fortel at brannen oppsto under vedlikehaldsarbeid av båten. Han hadde installert ein oljeomn i båten for å varme seg. Denne fekk då kontakt med kalesjen.

– Det brann veldig godt. Eg fekk kome meg ut av båten og henta hageslangen, så eg sløkte det omtrent når dei kom, fortel eigaren.

Foto: Jonas Sætre/Stord24

- Annonse -