Leiaren i Unge Høgre på Stord er opprørt over at politikarane vil ofre psykologstillinga for å spare pengar. Foto: privat
- Annonse -

I går vedtok politikarane å utsetje tilsetjinga av psykolog i kommunen til neste år. Stord Unge Høgre meiner dette går ut over ungdommane.

Det var i går at RHO-komiteen vedtok å utsetje tilsettinga av ein psykolog i kommunen til neste år for å dekkje inn store underskot i kommunebudsjettet.

Komiteen vedtok utsetjinga med sju mot fire røyster. Mindretalet beståande av av Høgre, Stordlisto og Framstegspartiet sine representantar gjekk i mot å ikkje utsetje stillinga.

Viktig med psykolog

Leiaren i nystarta Stord Unge Høgre, Vegard Røssberg, reagerer på at politikarane ofrar psykologstillinga for å spare pengar.

– Det at dei har stemt for å utsetje dette er ganske dårleg. Ein av fem unge i Norge slit i dag med psykiske problem som går utover dei daglege gjeremåla. Det å ha ein psykolog tilgjengeleg er veldig viktig for dei.

- Annonse -

Røssberg fortel at han kjenner til mange elevar på vidaregåande som hadde hatt god behov for ein psykolog å snakke med. Han meiner det går kraftig ut over desse ungdommane at det ikkje blir noko psykolog i kommunen før tidlegast til neste år.

– Då eg gjekk på vidaregåande kjende eg til fleire folk rundt meg som hadde problem psykisk og kunnehatt behov for psykolog. Hadde me hatt ein psykolog tilgjengeleg då hadde det gjort situasjonen lettare for dei. Det er veldig dumt at eit slikt tilbod forsvinn for ungdommane, seier Røssberg.

Kan ta lang tid å finne ny

Den kommunal psykologen skulle eigentleg vere tilsett i dag, men vart altså utsett til 1. januar 2018. Men det kan ta mykje lenger tid før ein psykolog er på plass. Det er nemleg ikkje sikkert at personen som har takka ja til stillinga er villig til å vente med å gå inn i jobben før i januar.

– Saka er ikkje avgjort for vedkomande. No vil me ta kontakt med vedkomande som har søkt og formidle kva som er blitt vedteke. Så blir det opp til han om han trekkjer seg eller ikkje, fortel kommunalsjef Knut Johannes Gram.

Gram fortel at stillinga har vore lyst ut i meir enn eit halvt år i fleire søknadsrundar grunna få kvalifiserte søkjarar. Kommunalsjefen tør ikkje spekulere kor lang tid ein ny runde vil ta.

– Det vil eg ikkje spekulere i, men me må jo eventuell ut med ei ny utlysning dersom vedkomande ikkje vil vente.

Vil råka ungdom

Psykologstillinga er i utgangspunktet knytt til eining for psykisk helse og rus, men Gram fortel at ungdom også vil vere i målgruppa.

– Psykologen vil jobbe litt klinisk men veldig mykje opp mot rettleiing og systemarbeid. I utgangspunktet er ikkje tanken at han skal jobbe spesifikt opp mot ungdom, men det vil jo bli ein del av arbeidsoppgåvene. Det vil jo flyte litt inn i kvarandre.

Det var rådmannen som først føreslo å utsetje tilsetjinga av ein kvalifisert psykolog som har søkt på stillinga etter mange utlysingar. Stord kommune fekk 400.000 kroner frå staten som eit stimuleringstilskot til opprettinga av stillinga, i samband med nasjonale krav om at kommunen må ha tilsett psykolog innan 2020.

Kommunen sparar 550.000 kroner på å utsetje tilsettinga av psykologen fram til januar 2018. Desse pengane er meint å gå til styrking av NAV sitt budsjett, som har gått med millionunderskot.

- Annonse -