Rådmann Magnus Mjør. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Avlyste møte og få saker på sakskartet gjer at rådmannen på Stord ber politikarane evaluera om det mellom anna bør vera eigne politiske komitear for helse- og skulesaker.

Utpelet frå rådmann Magnus Mjør kjem i samband med at dei no er i full gang med å gå gjennom heile leiarstrukturen i Stord kommune, for å sjå på om ein kan driva meir effektivt.

Under dette arbeidet ser rådmannen at også dei politiske møta kan gjerast meir effektive og rasjonelle.

– Det vil vera fornuftig å ta ein gjennomgang av den politiske organiseringa. Organiseringa av sentraladministrasjonen speglar- og er tilpassa den politiske organiseringa, skriv rådmannen i ei sak som skal opp til formannskapet denne veka.

Han ber politikarane setje ned eit utval som skal legge fram forslag til ny møtestruktur over sommaren, i god tid før haustens kommunestyreval.

Mjør gjer det klart at framtida til Komité for rehabilitering, helse- og omsorg og Komité for oppvekst og utdanning bør vurderast spesielt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det er gjennomgåande lite saker til desse komiteane. Møta vert tid om anna avlyst, skriv rådmannen.

Han meiner komiteane vert stadig meir overflødig fordi det juridiske har i stor grad overteke for det politiske spelerommet som kommunane har når det gjeld desse sakene.

– Det er ikkje spesielt for Stord at sakstilfanget er lite innanfor desse politikkområda, ein ser det same i andre kommunar. Det har å gjera med at rettigheitsstyring/jus i stor grad har overteke for politikk, samstundes som at ansvaret for dagleg drift, økonomistyring og
personalforvaltning i moderne kommunar er delegert til rådmannen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -