Styreleiar Dag Jarle Aksnes i Sunnhordland lufthamn AS gav klar beskjed til politikarane om å følgje med i timen. Foto: NCE Tourism
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Styreleiar Dag Jarle Aksnes i Sunnhordland Lufthavn AS kom med klar oppmoding til Stord-politikarane om å snakke høgt om viktigheita av flyplassen på Stord i det nye Vestland fylke.

I samband med regionreforma vil dei nye fylka få tilført fleire oppgåver. Ein av desse er løyving av pengar til småflyplassar, som i dag vert gjort av samferdselsdepartementet.

Det betyr at det er Vestland fylke som skal fordele pengane frå og med 2020.

Styreleiar i Sunnhordland Lufthavn AS, Dag Jarle Aksnes, møtte torsdag opp i kommunestyret på Stord for å informere om viktigheita av at politikarane snakkar opp flyplassen.

– Må følgje med i timen

– Då må de følgje med i timen. For dei pengane må de få ned til Stord. Dei må ikkje forsvinne inn i samferdselsbudsjettet og gå inn i eit vegprosjekt eller ei bygging av ei elferje. De må snakke med dei sentrale politikarane for å få midlane øyremerka.

Aksnes viser til at politikarane i Sogn og Fjordane er svært tydelege når det gjeld dei fire småflyplassane i fylket, og oppmoder Stord-politikarane til å lære av dei.

- Annonse -
- Annonse -

– De må vere minst like på hugget om eigen flyplass som dei er i Sogn og Fjordane. Det må vere røyster på Stord som blir høyrt, ikkje berre Førde, Florø, Sandane og Sogndal. Me ser lyst på framtida til flyplassen, men de må fighte for han.

Brukar lite pengar på flyplassen

Aksnes meiner Stord-politikarane har gode kort på hand, og viser til at det offentlege brukar svært lite pengar på Sørstokken samanlikna med andre småflyplassar.

– Stord er ein av få småflyplassar der det ikkje vert kjøpt flytenester av det offentlege. Det er ingen andre småflyplassar i landet der flyselskapa betalar for eigen risiko. Det er elles berre ved dei større flyplassane der dette skjer.

Styreleiaren kom med eit konkret døme på dette ved å samanlikne Stord med Sandene lufthamn i Nordfjord. Årleg får Sørstokken rundt 20 millionar kroner i offentleg støtte, medan tilsvarande beløp for Sandane er på heile 45 millionar kroner.

- Annonse -

Samtidig oppmoda styreleiaren politikarane til å få flyruta Stord-Oslo ut på anbod frå 2021, i likskap med dei fire andre småflyplassane i nye Vestland fylke.

Dag Aksnes har styreverv i ei rekkje flyplassar på Vestlandet, mellom anna på Flesland. Han fortel at Sørstokken vil vere ein strategisk viktig avlastingsflyplass for Flesland i framtida, så lenge det ikkje vert vedteke bygging av rullebane nummer to på storflyplassen.

– Me vil sjå på Stord lufthamn som avlastingsflyplass før ein eventuell enorm milliardinvestering på Flesland, sa Aksnes.

Sterk trafikkvekst i 2018

Som Stord24 skreiv i førre veke kan Stord lufthamn sjå tilbake på eit av sitt beste år sidan oppstarten for meir enn 30 år sidan. Trafikkveksten i utgangen av november har vore på heile 46 prosent.

– Veldig mange benytter seg i dag av flytilbodet til Stordflyet. Me har hatt ein formidabel vekst. Det ligg an til nær 37.000 reisande på Oslo-ruta i år. Me har sagt at målet vårt er 40.000 reisande i året, og der er me nesten no, sa flyplassjef Jan Morten Myklebust.

Men sjølv om det går svært bra på Sørstokken, gjorde styreleiaren det klart at politikarane må vere budd på å løyve pengar til nye investeringar på flyplassen.

– Me har behov for nytt tårn og utviding av terminalbygget. Dagens tårn er frå 1985 og er lite føremålstenleg. Her er me nødt å gjere endringar, sa Aksnes.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -