Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

EU sine strenge krav til tunneltryggleik har verkeleg gjort at Statens Vegvesen har måtta prioritert Bømlafjordtunnelen dei siste åra.

I løpet av våren vil det omfattande arbeidet med oppgraderinga av Bømlafjordtunnelen endeleg vere i mål, etter tre års arbeid.

Svimlande 327 millionar kroner er sluttsummen som Statens Vegvesen må ut med for arbeidet. På Vestlandet er det berre arbeidet med Gudvangentunnelen i Sogn og Fjordane som har kosta meir.

Seinast i august i fjor opplyste Vegvesenet til Stord24 at dei rekna arbeidet å koste rundt 200 millionar, no viser altså sluttsummen nesten dobbelt så høg.

– Grunnen til at dette er så dyrt er rett og slett fordi dette er ein lang tunnel. Me skiftar jo ut alt som heiter tryggleiksutstyr i tunnelen. Det går på lys, ventilasjon, naudstasjonar, skilt, tekniske bygg og masse kablar, fortel prosjektleiar Rune Sandven i Statens Vegvesen.

Ny kvardag ved ulukker

Trass i den svindyre oppgraderinga seier Sandven at vanlege bilistar ikkje kjem til å merke dei store forskjellane når oppgraderinga står ferdig etter påske, med unntak av mykje betre lys i tunnelen.

- Annonse -

Men når det først skjer ei ulukke eller eit havari vil det bli ein heilt ny kvardag i tunnelen.

No vil nemleg heile strekninga i den 7,8 kilometer lange tunnelen bli kameraovervaka. Det betyr at dersom det skjer noko vil overvakinga fange det opp og varsle Vegtrafikksentralen automatisk innan få sekundar.

– Me kan vel våge å seie at tunnelen vert mykje tryggare, sjølv om eg ikkje trur folk er veldig uroa over tryggleiken i dag. Det blir ein veldig stor fordel å få på plass som fangar opp dersom det går gale. Står trafikken stille i 10-15 sekundar kjem det opp bilete på vegtrafikksentralen.

Mindre stenging

Det betyr at Vegvesenet kan setje inn umiddelbare tiltak for naudhjelp og for å betre trafikkflyten.

– Så lenge vegtrafikksentralen kan sjå kva som har skjedd er det mykje lettare å setje inn tiltak. Når sentralen blir varsla kan dei med ein gong redusere fartsgrensa i tunnelen, slik at ein forhåpentlegvis kan klare å bevege seg utan at ein er til hinder. Det betyr at ein ikkje treng å stenge tunnelen når det skjer noko, slik som i dag.

I tillegg er det blitt installert eit radarsystem i tunnelen, og det vil bli tettare mellom naudstasjonane.

Signe Eikenes i Statens Vegvesen. Foto: Andris Hamre/Midtsiden

Uviss framtid

Men mange spør seg kanskje kva som er framtida for Bømlafjordtunnelen når ny E39 skal på plass. Sandven fortel at dei ikkje har hatt dette i tankane i det heile teke under arbeidet med oppgraderinga av tunnelen.

Prosjektleiar for ny E39 mellom Os og Aksdal, Signe Eikenes, seier at det no er heilt stillstand i planarbeidet for ny E39 sør for Heiane.

– Det står att mange ubesvarte spørsmål knytt til framtida av Bømlafjordtunnelen. Det ligg ikkje inne pengar til ny tunnel i Nasjonal Transportplan før etter 2030. Planarbeidet er diverre ikkje kome vidare. Me ventar på å få klarsignal frå departementet om kva som skal planleggast i kommunedelplanen.

– Kva tenkjer du om at de investerer 337 millionar i å oppgradere ein tunnel som ein ikkje veit framtida til?

– Dette er jo eit dilemma me har for mange strekningar. Men dette har samanheng me EU-krava som gjorde at me var nødt å gjere desse tiltaka så snart som innan 2019, seier Eikenes.

- Annonse -