- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lars-Erik og Martin-Alexander Husom er begge varig ufør etter å ha vore utsett for grov omsorgssvikt gjennom heile oppveksten. No varslar dei søksmål mot barnevernstenestene på Stord og Kristiansand for at ingen greip inn.

– Det tok mange år før me som søsken begynte å prate om dette. Me har ikkje vore klar over kor ille det eigentleg har vore.

Lars-Erik Husom (31) svarar på spørsmålet kvifor no? Barndomen er for lengst forbi, og det er gått 14 år sidan han flytta vekk frå Stord.

– Dette har teke lang tid å prosessere. Det har vore ein evig lang klandring av meg sjølv. Ein føler ein er skuld i alt gjennom årevis med nedbryting og manipulering.

Han og veslebroren Martin-Alexander (27) har bestemt seg for at det no er på tide å ta eit oppgjer med fortida.

Saman har dei oppsøkt advokat, og har varsla mogleg erstatningskrav mot barnevernet på Stord og i Kristiansand.

- Annonse -
- Annonse -

For å ha fått barndomen sin øydelagt utan at barnevernet greip inn.

– Eg synest det er viktig at dette kjem fram, slik at barnevernet ikkje går i same fella igjen.

Martin-Alexander (27) til venstre og Lars-Erik (31) til høgre. Foto: Benjamin A. Ward

I barnevernet sitt søkjelys sidan 1992

Me må spole heilt tilbake.

Brørne kom til verda i Kristiansand, der dei tilbrakte dei tidlege barndomsåra på 1990-talet. Det var alt anna enn ein harmonisk oppvekst. Storesøstera Lene blei plassert i fosterheim allereie i 1994 grunna grov omsorgssvikt frå foreldra.

Rusmisbruk var ein del av kvardagen i heimen til brørne. Mora kunne låse seg inne på badet, fleire timar om gongen. Ein gong fann dei små gutane ho medvitslaus i senga, med ei sprøyte hengande i armen.

Faren til brørne var i løpet av denne tida hamna i fengsel. Det kom ofte forskjellige menn inn og ut av heimen frå rusmiljøet. Dei måtte leve i ein kvardag prega av ustabilitet, dårleg råd, lite mat og klede. Brørne kunne få husarrest av den minste ting.

– Eg hugsar eg var uheldig og reiv ned ein VHS-kassett. Dette fekk eg husarrest for. Eg kunne ikkje rekne med å få ei krone av mamma og pappa på veldig lang tid. Pappa drog meg inn på soverommet, smalt døra igjen og skreik at eg måtte lære meg å passe betre på.

I følgje barnevernsdokumenta vart barnevernet i Kristiansand kopla inn for første gong allereie i 1992, då Lars-Erik var fem år og Martin-Alexander eitt år gammal. Samtalar med barnehage, skule og umeldte heimebesøk i heimen skulle følgje dei neste åra.

Men gutane blei buande i heimen.

Flytta til Stord

I 1999 flytta mora frå Kristiansand og busette seg på Stord, då var Lars-Erik og Martin-Alexander elleve og sju år gamle. Dei busette seg i Valvatna-feltet.

– Det var heilt tilfeldig at me flytta til Stord. Han mamma då var saman med hadde nokre bekjente der, og hadde berre gode ting å seie om øya, seier Lars-Erik.

I starten gjekk det greitt. Det var godt for gutane å starte på blanke ark og nye skular der ingen kjente dei. Det verka som mora no skulle kome på rett kjøl. Ho hadde fått ein kjærast som var meir ressurssterk, og som sørgja for at det blei noko som likna på struktur i kvardagen.

Men dei gode dagane varte ikkje lenge.

– Då det blei slutt mellom mamma og kjærasten blei det verre og verre. Då gjekk alt ut av kontroll.

Dei fortel at mora fann seg ein ny mann som flytta inn til dei, som dei skildrar som den mest berykta narkomane på heile øya.

– Ho hamna i eit rusmiljø med tunge rusmisbrukarar og straffedømte. Folk som var ganske berykta. Då blei det verre enn me nokon gong hadde hatt det, fordi me då var eldre og forsto mykje meir av kva som skjedde, seier veslebroren.

Dei begynte å høyre snakk på skulen. Familien blei berykta i nærmiljøet. Politiet kom heim til dei fleire gonger, enten på razzia eller for å køyre mora heim etter at ho vart stansa, mistenkt for ruskøyring.

– Eg kan ikkje hugse at dei tok seg tid til å snakke med oss, seier Lars-Erik.

Nabolaget starta underskriftskampanje

At mange i nærmiljøet visste kor dårleg dei hadde det, er ikkje brørne i tvil om. I ettertid har dei fått kjennskap til at naboane starta underskriftskampanje for å få fjerna familien frå nabolaget.

– Me blei jo skjerma frå det då me var små, men det står nemnt i barnevernsdokumenta.  Eg har aldri før høyrt om eit nabolag som har starta underskriftskampanje for å kaste ut nokon. Likevel gjorde ikkje barnevernet noko, seier Martin-Alexander.

– Fortalte de aldri korleis de eigentleg hadde det då de budde på Stord?

– Nei. Det var lite prat om det. Manipuleringa frå mamma gjorde at det var ikkje noko å seie til nokon. Viss du då skulle finne på å seie noko tok ho det veldig alvorleg. Ho kunne truge med å ta livet sitt. Då seier ein ikkje noko som barn.

Martin-Alexander fortel at lærarar på skulen han gjekk etter kvart fatta mistanke om at noko var gale.

– Eg hadde skrive ei julehistorie som omhandla sjølvmord, som skulen hadde reagert veldig på. Det er jo ikkje akkurat normalt at barn skriv skulestilar om sjølvmord. Dette blei etter kvart sendt som ei bekymringsmelding til barnevernet. Så sjølv om me ikkje har vore frampå og sagt ting direkte, har det likevel kome fram gjennom måten me har slitt så veldig på.

Martin blei etter kvart sendt til behandling på BUP på Stord (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) av skulen, men heller ikkje der vart det noko oppfølging.

– Dei skulle begynne å ta tak, men eg møtte jo aldri opp. Det er det som står i avslutningsrapporten frå BUP, at dei difor ikkje kunne hjelpe meg. Men eg var jo såpass ung, skulle eg køyrt meg sjølv? Det er jo foreldra som må følgje opp. Og det skjedde jo aldri. Det burde jo vore eit varselsteikn, som barnevernet kunne brukt for å ta oss ut av heimen.

Speidarleiaren: – Her har det svikta fullstendig

Éin person skulle vise seg å spele ei stor rolle for familie. Øystein Østensen er mangeårig speidarleiar på Stord. Både Lars-Erik og Martin-Alexander var aktive i speidaren på Stord, og blei kjent med Øystein.

Han knyta eit spesielt band til Lars-Erik i løpet av desse åra. Han har ofte lurt på korleis det har gått med han i løpet av dei nær 15 åra som er gått sidan Lars-Erik flytta vekk.

– Eg får frysningar på ryggen når eg no høyrer heile historia. Det verkar som det har svikta fullstendig. Spesielt dette med flyttinga mellom Stord-Kristiansand, utan at det vart følgt opp mellom kommunane.

Østensen forstod fort at det var noko som ikkje var som det skulle med brørne.

– Me hadde jo sett at dei ikkje hadde orden på det dei hadde med seg, og mangla klede. Har de ikkje varme klede? spurte eg. Me får ikkje klede. Okay. Neste gong hadde dei kanskje med seg nokre gamle slitne filler.

– Eg såg at ting ikkje var som det skulle. Eg synest det er utruleg rart at ikkje skulane har hatt bekymringar og formidla noko.

Speidarleiar Øystein Østensen var den einaste tryggleiken Lars-Erik hadde då han budde på Stord. Foto: privat

Det var først på ein overnattingstur at Østensen forstod kor gale det eigentleg stod til i heimen. Då opna Lars-Erik seg for Øystein, og fortalte for første gong kva han hadde opplevd.

– Me var på ein tur i skogen, og blei gåande litt. Då fortalte han meg alt. Me blei då einige om å ta kontakt med barnevernet.

Speidarleiaren opplevde at det var svært vanskeleg for han som utanforståande å samarbeide med barnevernet. Det enda ofte med at Lars-Erik fekk sove på sofaen hans.

– Han var stadig hos meg. Og eg opplevde det som veldig vanskeleg å engasjere seg. Det er eit vanskeleg system å involvere seg i. Ein står heilt utanfor fordi det er snakk om teiepliktige opplysningar.

– Det eg reagerte på var at barnevernet ikkje hadde nokon plan om vegen vidare etter han flytta. Korleis skal han utvikle seg? Det visste dei ingenting om, og dei begynte å snakke om at han skulle flytte heim igjen. Det er jo heilt usannsynleg at ungar skal finne ut av dette aleine.

Vil kvi seg for å engasjere seg igjen

Erfaringa med Lars-Erik si sak gjer at Østensen vil kvi seg for å engasjere seg i ei liknande sak igjen.

– Eg hadde nok kvidd meg for å gjere noko. Samtidig hadde nok samvitet overfor ein unge gjort at eg hadde engasjert meg igjen. Men terskelen er høgare no enn den burde ha vore.

For Lars-Erik var speidarleiaren den einaste vaksenpersonen han kunne stole på då han budde på Stord.

– Øystein skjønte at eg ikkje hadde det bra. Han kjente litt til korleis situasjonen var heime, og at det var ein som var tungt belasta som budde hos oss. Han klarte å overtale meg til å dra på møte, seier Lars-Erik.

– Eg hadde med meg Øystein på barnevernsmøtet, og han var der og då den einaste tryggleiken eg hadde. Han lova at han skulle hjelpe meg uansett kva som skjedde, berre eg sa det eg visste. Han var ein veldig viktig del av det heile.

Å ta steget og gå til barnevernet var svært vanskeleg for Lars-Erik. Redselen for kva mora kunne gjere då ho ville få vite det gnog på han. Kjensla av å øydelegge ein familie.

Då han kom heim nokre dagar etter det skjebnesvangre møtet med barnevernet, hadde mora og den dåverande sambuaren hennar allereie fått vite det. Det enda med at han blei kasta ut av huset. Han hadde ingen stadar å gjere av seg, anna enn hos speidarleiar Øystein. Her fekk han ein sofa å sove på.

Speidaren på Stord blei ein viktig stad for begge brørne, spesielt for Lars-Erik (øvst til venstre). Speidarleiar Øystein Østensen bakerst og Martin-Alexander i midten framme. Foto: privat

Fekk endeleg flytte ut frå heimen

Først i 2004, då Lars-Erik var 16-17 år gammal, og var byrja i 1. klasse på vidaregåande på Stord, fekk han endeleg flytta vekk frå heimen.

Barnevernet gav han eit frivillig tiltak, og han fekk flytte inn i ein leilegheit heilt for seg sjølv. Overgangen var stor, og den store fridomen han plutseleg fekk, var ikkje lett å handtere.

– Eg følte meg veldig fri og bestemte heilt sjølv kven eg ville omgås med. Men det enda jo med at det blei mykje drikking og andre ting for å prøve å flytte fokuset over på noko anna.

Han fortel at all utageringa gjorde at barneverntenesta etter kvart reagerte. Lars-Erik vart innkalla til eit møte med leiaren i barnevernstenesta. Han meinte at Lars-Erik ikkje var interessert i å ta i mot hjelpa dei gav han.

– Eg fekk høyre at eg var eit problem. Viss eg ikkje tok til å ta meg saman måtte eg flytte heim til mor. Det var eit vanskeleg møte fordi han var ganske aggressiv. Der og då mista den trygge grunnen eg sto på.

- Annonse -

– Det var ikkje noko snakk om å finne ut kvifor eg drakk, og kvifor økonomien var skakkøyrt. Berre «gå heim, fiks det sjølv». Kva slags føresetnader hadde eg for det? Ingen.

Ikkje lenge etter, i 2005, bestemte Lars-Erik seg for at nok var nok, og flytta vekk frå Stord, like før han vart myndig. Han flytta inn til storesøstera, som sjølv hadde blitt utsett for grov omsorgssvikt og hadde bak seg ein oppvekst i fosterheim.

Vondt til verre for veslebroren

Sjølv om Lars-Erik fekk flytta vekk frå familien, gjorde barnevernet ingenting overfor den fire år yngre broren. For han gjekk situasjonen frå vondt til verre.

– Eg blei jo ståande heilt aleine i det. Det blei endå verre etter at Lars-Erik flytta. For då blei mamma kasta ut av huset me budde i. Me flytta til eit ordentleg møkkahol i Sagvåg. Eg trur huset til slutt blei tvangsrive, for det var fullt av rotter der.

Barnevernet hadde på dette tidspunktet fleire samtalar med Martin-Alexander, då han var rundt 11 år. Men under samtalane gjekk han i mot alt broren hadde sagt om situasjonen heime.

– Då barnevernet tok meg inn til samtale hadde eg på førehand blitt fortalt at Lars-Erik var ein drittsekk som laug. Viss eg ikkje passa på kva eg sa ville eg blitt tatt vekk. Sånn har det vore heile vegen, der mamma har manipulert og truga oss til å seie det ho ville.

Kort tid etter bestemte mora at Martin-Alexander, som då var 12 år gammal, skulle flytte til faren sin i Kristiansand, som også var tung rusmisbrukar. Dette lot barnevernet på Stord skje heilt utan innblanding.

Martin-Alexander Husom. Foto: privat

Det skulle vise seg å vera ei katastrofal vending for Martin-Alexander. Faren i Kristiansand var heilt ute av stand til å ta vare på han.

– På det tidspunktet var eg så manipulert av mamma og hennar kjensler. Ho blei så desperat at det blei vondt for meg å sjå på. Då sa eg ja til å flytte ned til pappa. Der vart det inga oppfølging. Han sleit med alkoholisme og rus og makta ikkje å ta seg av meg. Han var heilt opphengt i sin eigen rus.

Martin-Alexander begynte å kome i kontakt med framande på nettet, og fortel at han blei seksuelt misbrukt av ein mann i nabolaget før han var fylt 13 år. Kjensla av å ikkje vere verdt noko blei berre forsterka. Etter dette følgte ein periode med barneprostitusjon, der han tok i mot pengar for å ha sex med eldre menn.

27-åringen fortel at det var ein nabofamilie som budde over han i Kristiansand som til slutt tok seg av han, og sørgja for at han fekk oppfølging på skulen.

Men då var det allereie byrja å bli for seint. Han var blitt ein ungdom, og barndomen var allereie teke i frå han for alltid.

– Rystande og grov omsorgssvikt

At Martin-Alexander blei flytta til Kristiansand er noko av det brørne sin advokat, Camilla Myhrer Abrahamsen, reagerer aller mest på i saka deira.

– Barnevernet hadde fått bekymringsmeldingar om faren. Dei gjekk vel ut i frå at det hadde gått over, og at far var fin igjen. Det blei ikkje gjort nokre undersøkingar eller forsikringar om dette. Då tenkte vel barnevernet på Stord at dette er Kristiansand sitt problem.

Advokatfullmektig Camilla Myhrer Abrahamsen meiner barnevernet sin handlingsvegring har vore med å øydelegge helsa til brørne. Foto: Advokatfirmaet Tønset

Abrahamsen viser til at det er eit typisk kjenneteikn på familiar som blir følgt opp av barnevernet, at dei flyttar på seg.

– Når barnevernet pusta ho i nakken bestemte ho å sende Martin til den narkomane faren i Kristiansand. Men når ei mor som er under oppfølging av barnevernet vel å ta det skrittet er det noko barnevernet spesielt bør sjekke grundig opp. Det er ikkje noko barnevernet bør slå seg til ro med. Snarare tvert om.

– At dei flyttar på seg, er noko som kjenneteiknar mange familiar som blir følgt opp av barnevernet.

Ho meiner oppfølginga mellom barnevernet på Stord og Kristiansand har vore alt for dårleg.

– Det skal ikkje vere slik at dei kan starte med blanke ark og få ein ny start. Dersom barnevernstenesta er bekymra for omsorgssituasjonen, må dei informere borna sin nye opphaldskommune slik at den kan følgje opp familien vidare. I denne saka er det mykje som tyder på at dette ikkje har blitt følgt opp tilstrekkeleg.

Abrahamsen fortel at åra etter at Martin-Alexander blei sendt til Kristiansand, var som å starte på scratch. Nye bekymringsmeldingar blir sendt, og det blir starta undersøkingar, men heller ikkje no vert det iverksett tiltak.

– Det verkar berre som dei sparkar ballen tilbake til far. Barnevernet i Kristiansand tek det opp, men det blir ikkje følgt opp på noko vis.

I følgje barnevernsdokumenta frå Kristiansand tok dei i mot ei bekymringsmelding frå Stord om at faren til Martin var narkoman. To dagar seinare drog dei på heimebesøk. I følgje barnevernet såg alt fint ut, og far seier han ikkje har rusa seg på fire år. Saka vart lagt bort.

– Legen til Martin-Alexander sendte ei bekymringsmelding til barnevernet knytt til at han dreiv med barneprostitusjon. Det at barnvernet ikkje forsikrar seg på nokon som helst måte med at far følgjer opp dette, det er alvorleg og grov omsorgssvikt. At barnevernet slår seg til ro med svar frå ein far som dei veit er narkoman er berre rystande, seier advokaten.

Etter å ha lese tjukke permar med barnevernsdokument meiner Abrahamsen det er svært mykje som talar for at barnevernet skulle ha teke over omsorga for brørne.

– Etter mitt skjønn føreligg det svært mange og sterke indikasjonar på at barnevernet burde ha iverksett ei omsorgsovertaking av brørne. At dette ikkje blei gjort er den direkte årsaka til det tapet brørne i ettertid har lidt på grunn av ei øydelagt helse.

– Barnevernstenesta på Stord har motteke fleire bekymringsmeldingar og vore inne i saka. Problemet er berre at dei aldri tok skrittet heilt ut og tok barna ut av ein destruktiv heim med ei narkoman mor som på ingen måte evna å sjå eller ivareta borna sine behov. Dette var ei feilvurdering som har fått alvorlege konsekvensar for klientane mine.

– Kor mange bekymringsmeldingar skulle til?

Martin-Alexander er klar på at den manglande involveringa frå barnevernet i seg sjølv har ført til den håplause situasjonen han er i i dag.

– Måten barnevernet har opptredd på har gjort meg veldig bitter. Det at dei har vore så arrogante. At dei ikkje har høyrt på oss. At dei veit betre utan å undersøke. At liv er blitt øydelagt.

– Hadde me hatt ein normal oppvekst kunne alt dette vore unngått. Eg kunne ha unngått å ha så mykje angst at eg slit med å gå ut døra. Å sleppe å sitje med kjensla om at ingen trur på det ein seier.

Lars-Erik Husom. Foto: Benjamin A. Ward

Lars-Erik tenkjer tilbake på alle åra med omsorgssvikt, og spør seg sjølv korleis det er mogleg at barnevernet ikkje tok affære.

– Kor mange bekymringsmeldingar skulle til? Kva er det som er alvorleg nok for at barnevernet skulle gripe inn? Ein skulle tru at det var alvorleg nok at mor og far var tunge rusmisbrukarar, og i tillegg kriminelle med dommar bak seg.

Han meiner barnevernet burde vore mykje meir mistenksame mot rusmisbrukarar.

Ein av grunnane til at dei vil opne seg og fortelje, er håpet om at historia iallfall kan hjelpe andre barn som i dag er i ein liknande situasjon.

– Det er fleire barn der ute som har hatt det endå verre enn oss, som treng hjelpa! Fokuser på barna i staden for å lytte til kva dei vaksne pratar om. Bruk heller 3-4 ekstra timar på å snakke med ungane. Få dei i tale, på ein eller annan måte. Vis at barnevernet er ein tryggleik, seier Lars-Erik.

– Men i mitt tilfelle var dei det stikk motsette.

Begge slit med store psykiske plagar

Det er i stor grad to øydelagde liv som står att i dag. Begge brørne er varig ufør, begge er diagnostisert med posttraumatisk stressliding og slit med angst, flashbacks og depresjonar.

– Eg klarar ikkje å fungere i vanleg jobb. Eg har ikkje kapasitet til det. Eg brukar alt eg har av krefter på å ta vare på mine eigne barn, og sørgje for at dei ikkje får noko som liknar den oppveksten me har hatt, seier Lars-Erik.

– Korleis pregar dette deg i det daglege?

– Med så mange år med manipulering og psykisk vald som eg har vore utsett for, så blir ein veldig utrygg på seg sjølv. Eg kjenner jo den dag i dag på at eg ikkje er verdt noko, at eg ikkje får til ting. At eg er eit null i samfunnet. Eg må berre leve livet frå dag til dag. Eg slit med søvnlause netter, og mykje flashback, som gjer at det er vanskeleg.

Martin-Alexander fortel at han også slit med den same kjensla om å ikkje vere verdt noko.

– Eg har heilt klart ein utfordring med det å sleppe ein person inn på meg, og å opne meg for andre menneske. Ein går rundt med kjensla om at ein ikkje er verdt ein dritt. Det er ei kjensle som berre er blitt forsterka av barnevernet.

– Eg slit veldig med angst. Sosial angst og angst for å gå ut. Det er veldig vanskeleg å leve i ein kvardag full av angst og usikkerheit, når ein føler at ein er ingenting.

Avviser erstatningsansvar

Etter at advokaten til brørne sendte varsel om at det kunne kome eit mogleg erstatningskrav i fjor haust, har både barnevernstenestene i Kristiansand og på Stord kome med same tilbakemeldinga. Erstatningsansvaret vert avvist.

Lars-Erik veit ikkje korleis han skal reagere.

– Det har teke mange år med behandling og erfaring for å innsjå kor ille det er. Så seier barnevernet berre «dette skulle me ha visst for lenge sidan»…

Han tek ein pause.

– Viss barnevernet i Kristisand hadde gripe inn allereie på 90-talet, hadde livet mitt vore heilt annleis i dag. Det er det ikkje noko tvil om.

Etter at brørne sendte erstatningskrava til Stord og Kristiansand kommunar, har dei også blitt følgt med på saka til Mona Anita Espedal i Sandnes, som har fått brei nasjonal mediedekning.

Espedal blei også utsett for grov omsorgssvikt gjennom heile oppveksten, utan at barnevernet greip inn. Etter ein lang kamp fekk ho ein såkalla moralsk oppreisning frå Sandnes kommune på 725.000 kroner. Dei ser kor vanskeleg det er, men det har også inspirert dei til å ta opp kampen med kommunen.

– Me har følgt kampen til Mona nøye, og sett kor tøft ho har måtta kjempe utan å eigentleg få den unnskuldinga og oppreisinga ho fortener. Me såg NRK-dokumentaren «En søsters kamp», og det me sit igjen med er kor øydelagt systemet er, seier Martin-Alexander.

Brørne veit også at det er ein stor økonomisk risiko involvert i gå til rettssak mot kommunen. Så langt er dei framleis i tenkeboksen.

– Ønskjer me å ta saka vidare? Heilt klart! Men me håper at barnevernet kan sjå på saka vår og innsjå at dei har gjort ein grov feil. Me håper å unngå å måtte gå til sak og at me kan kome til ei semje. Men om kommunen held fram med å seie frå seg alt ansvar så er me førebudd på å ta saka vidare. Me gir oss ikkje utan ein kamp.

Stord24 har vore i kontakt med mor til Lars-Erik og Martin-Alexander. Ho er kjent med at saka vert publisert, men ønskjer ikkje å bidra til saka. Stord24 har ikkje kome i kontakt med far til brørne, grunna hans svekka helsetilstand.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -