Nuttida Pijansan Domben startar ny butikk i Leirvik og er ein av dei som har starta nytt føretak i november. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Neste veke opnarein ny asiatisk matbutikk dørene i Torghuset på Leirvik – tilfeldigvis berre eit steinkast unna thairestauranten Soradas som også er i ferd med å opne dørene.

Tilbodet for eksotiske matvarer på Leirvik er i ferd med bli kraftig forbetra, når Tida Asia Market opnar dørene inst i Expert sine gamle lokale i Torghuset på Leirvik.

– Me har eit ganske bra marknad her i Sunnhordland. Eg har høyrt at det berre på Stord er 200 som kjem frå Thailand. I tillegg til mange frå Filippinene og andre land i nærleiken, seier dagleg leiar Nuttida Pijansan Domben.

Lettare kvardag

Ho kjem sjølv frå Thailand og har budd i Norge sidan 2010. Thailendarane, kjend for sin rike matkultur, som er busett i Sunnhordland har måtta reist til Haugesund eller Bergen for å få tak i lokale matvarer. Med butikkopninga på Leirvik blir kvardagen mykje lettare.

– Her blir det i hovudsak asiatiske matvarer, som tørka mat, krydder, ris og asiatisk frukt og grønsaker. I tillegg vil me selje litt klede frå Thailand, seier styreleiar og ektemann Sven Vidar Domben.

- Annonse -

Han trur det er eit sterkt sakn for mange med austasiatisk bakgrunn i Norge å kunne lage maten dei er vant med heimafrå.

– Dei vil jo helst ete mat frå heimlandet sitt. Det er mange som har det vanskeleg med då få tak i lokale råvarer.

Lite konkurranse

Domben ser ikkje på den andre internasjonale matbutikken som ligg i Osen som ein konkurrent.

– Den andre butikken er meir retta mot Midtausten, som Syria og Tyrkia. Me retter oss mot folk frå Thailand, Filippinene, Vietnam og Kina, og sjølvsagt også nordmenn.

Butikken som vil ligge inst i Expert sine gamle lokale har stått tomt i fleire år, medan det til høgre i lokalet er sybutikk. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Har de døme på eksotisk matvare som de vil selje?

– Me vil mellom anna selje ein slags grava fisk, som er vanleg i thailandsk papaya-salat. Det er ganske vanleg i Thailand men finst ikkje i Norge. Og så vil det bli mykje spicy mat, seier Svein Vidar Domben.

Tilfeldigheitene ville ha det til at venninna til Nuttida Pijansan Domben er i ferd med å opne thairestauranten Soradas i Fengselet, berre eit steinkast frå butikken. Dei trur ho blir ein viktig kunde for den nystarta butikken.

Dei er godt nøgde med den sentrale plasseringa midt på Vikjo. Ikkje minst i høve til at Vaksenopplæringa er næraste nabo.

– Her vil alle som skal på norskkurs gå forbi. Så me burde fått opp eit skilt der oppe slik at me kan lose dei ned i butikken, smilar Domben.

- Annonse -