(F.v.) Lisa Nyhammer og Kjersti O. Ystad står klare til å ta i mot kundar i august. Då opnar dei dørene på sin nye helseklinikk. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kjersti Otteraaen Ystad (35) har jobba som naprapat i 11 år. Til hausten skal ho samarbeida med kiropraktor Lisa Nyhammer (26). Saman opnar dei opp for eit nytt helsetilbod på Stord.

– Det er vanskeleg å seie korleis det vil bli enno, men det er definitivt ein marknad for det. Pasientane er der. No vil me berre få spreidd ordet ut og ynskje alle velkomne.

Dette seier Kjersti O. Ystad (35) og Lisa Nyhammer (26) . Akkurat no er dei i full gong med å promotere den nye helseklinikken på sosiale media. I august står dei klare til å ta i mot både nye og gamle kundar.

 

Stort behov

Helse i Sentrum heiter den nye klinikken som vil vere lokalisert i Borggata 11, 4.etasje, med inngang på baksida. Dei kan tilby manuell behandling av ulike muskelskjelettplagar som til dømes massasje, akupunktur, manipulasjon og rehabilitering.

- Annonse -

Førebygging og behandling av idrettsskader vil det også vere fokus på.

Ystad meiner at behovet er stort for denne typen behandlingsform.

– Det er veldig vanleg at folk har problem med musklar og ledd. Det blir ikkje mindre med åra heller. Me har data, nettbrett, mobil. Så det blir jo meir og meir viktig, seier ho.

I dag er Ystad den einaste aktive naprapaten i Sunnhordland. Sidan 2006 har ho drive sin eigen klinikk på Stord. No gleder ho seg til å samarbeide med Nyhammer.

– Det er alltid kjekkare å vere to, innrømmer ho.

 

Har positive erfaringar

Nyhammer er ferdig med siste del av praksis i Haugesund om ei veke. Snart vil ho få tittelen som den einaste kvinnelege kiropraktoren på Stord.

Opplever du å møte fordommar som kvinne i dette yrket?

– Nei, snarare tvert imot. Eg har høyrt frå mange menn at dei føretrekker kvinnelege kiropraktorar då dei opplever at dei har betre tid. Fram til no har eg berre hatt positive erfaringar, seier ho.

Nyhammer har tidlegare hatt eit tett samarbeid med Stord Herre Elite der ho behandla spelarane gjennom heile sesongen.

Ho har dessutan lang personleg erfaring med handball og er særleg interessert i idrettsrelaterte skadar.

 

Kan bli aktuelt med fleire

Verken Ystad eller Nyhammer avviser at det kan bli aktuelt å utvide bedrifta ytterlegare.

– I første omgang er me to stykk. Så får me sjå kva som skjer. Det er alltid mogeleg å få fleire med inn i eit fellesskap, bekreftar Ystad.

Begge påpeiker at det er viktig med samarbeid på tvers av yrkesgrupper.

– Me håpar å få fleire med på laget etter kvart. Det finns jo andre yrkesgrupper som også held på med musklar, ledd og helse. Sjølv om me gjerne har ulik behandling er målet det same. På den måten kan pasientar som ikkje får utbytte av min terapi, kanskje få utbytte av naprapati, og vica versa. Samarbeid er bra, seier Nyhammer.

- Annonse -