Sokneprest i Nysæter Jørgen Knudsen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Det vil tysdag kveld bli ei minnestund i Nysæter kyrkje i samband med fallulukka der ein 17 år gammal gut frå Stord omkom.

– Det er høve til å tenna lys både ute og inne, opplyser Stord kyrkje i ei melding.

Kyrkja vil vera open mellom klokka 18 og 20 tysdag kveld.

Av smittevernomsyn oppmodar kyrkja folk til å bruka munnbind inne. Alle besøkjande vil bli registrert.

– Det vil vera eit avgrensa tal menneske om gangen i kyrkja.

Stord24 har ikkje klart å koma i kontakt med sokneprest i Nysæter, Jørgen Knudsen, tysdag. Men prostiprest Reidar Ådnanes fortel at kyrkja har ei stor rolle å spela når det skjer slike tragedier i lokalsamfunnet.

- Annonse -

– Det handlar om å vera ein møteplass der folk har nokon å snakka med og kunna sitja ned i eit stille kyrkjerom. Nokre gonger blir det spelt litt musikk eller lagt til rette for lystenning. Me har kompetanse på dette som har å gjera med ritual, og det å takla kriser på det personlege plan.

Ulike nettverk

Ådnanes seier det er fleire ulike grupper som har behov for oppfølging etter slike hendingar.

– Det kan vera ulike grupper i nettverket som har behov. Ofte blir familien definert som eitt nettverk, og så er gjerne medelevar eitt nettverk. Så kan ungdomsskulemiljøet på Nysæter vera eitt nettverk. Det kan jo vera at dei involverte har søsken som går på ungdomsskulen.

– Ofte blir det gjort ei avtale om at nokre tek seg spesielt av familien og nokre andre venenettverket. For det er fleire type nettverk som treng å samlast utan at dei nødvendigvis må samla seg heime hos familien. For det kan også bli ei ekstra belastning for familien, seier prostipresten.

- Annonse -
Forrige artikkelButikkeigar Hauge tapte hundretusenar, men ser lyst på våren: – Alle toga har ikkje gått
Neste artikkelTo politimeldingar og over tjue forenkla førelegg
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no