Anne Kari Bjelland, som opphavleg kjem frå Stord, blei drepen i Haugesund natt til 1. Nyttårsdag. Foto: politiet/kyrkja
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Torsdag kveld vert Rossabø kyrkje i Haugesund opna i samband med at 49 år gamle Anne Kari Bjelland vart drepen.

Det var natt til 1. nyttårsdag at Bjelland vart funnen drepen i bustaden sin i Haugesund. Sambuaren hennar, og faren til deira felles barn, har erkjent at han sto bak drapet.

Måndag vart det kjent at kvinna opphavleg kjem frå Stord.

Torsdag kveld blir det altså samling for sørgjande og andre etter Bjelland i Rossabø kyrkje i Haugesund, skriv Haugesunds Avis. Her blir det enkel samling for dei som ønskjer det.

– Dette er eit dødsfall som har prega mange i byen, ikkje minst ungdommar. Det er viktig å kunne samlast for å ha nokre å snakke med, å vere stille saman og tenne lys. Det er også viktig å ikkje gå med vanskelege tankar aleine, fortel sokneprest Bård Egil Dyrhol til avisa.

- Annonse -

Han fortel at det vil vere fleire tilsette frå kyrkjelyden til stade, både prest, diakon og andre.

- Annonse -
- Annonse -

Rossabø kyrkje vil vere open i tidsrommet 20.00 til 21.30 torsdag kveld.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -