Illustrasjonsfoto: Miljøverndepartementet
- Annonse -

Det ligg til rette for eit godt debattklima på Stord folkebibliotek torsdag, når Kværner-sjef Steinar Røgenes, Liv Kari Eskeland (H) og Gaute Epland (Ap) skal møtest for å diskutere klimaendringane.

Debatten, som er eit samarbeid mellom nettavisa Framtida og Stord folkebibliotek, vil stille dei store spørsmåla knytt til klimaendringane.

Kvifor er endringane dei siste 150 åra annleis enn tidlegare varmeperiodar? Kva globale og lokale klimaendringar skjer, og korleis kan kommunar og samfunn  bli del av den globale klimaløysinga?

Lokalt perspektiv

Forskar og geolog Kikki Kleiven frå Universitetet i Bergen kjem også for å setje den globale klimaforskninga inn i eit lokalt perspektiv. Ho nyttar historiske hendingar for å kaste lys over dagens klimasituasjon.

Leiar for debatten vert Lars Henrik Paarup Michelsen, som til dagleg er leiar i Norsk klimastiftelse. Her blir også publikum oppmoda til å kome med innlegg og spørsmål til panelet.

– Debatten er ein del av programmet på den nasjonale Klimafestivalen 112, oppkalla etter miljøparagrafen i grunnlova, og har fått støtte frå Hordaland fylkeskommune, skriv redaktør i Framtida, Svein Olav Langåker.

- Annonse -

Vil vise film

Langåker har også teke initiativ til fleire lokale klimaarrangement.

Torsdag veka etter, 19. januar, blir det klimaarrangement for barn mellom 9-13 år på ettermiddagen på Stord folkebibliotek.

– Her blir det ulike aktivitetar for barna, og det vil vera mogleg å melda seg inn i Miljøagentene. Stord filmklubb blir også med, og viser to filmar under festivalen, ein barnefilm og ein for alle, seier Langåker.

I tillegg til dette vil SKL, BKK og Norsk Klimastiftelse invitere til seminar i SKL-bygget på Leirvik tysdag 23. januar. Tema for seminaret er «Korleis kan arbeidet med utsleppskutt bidra til vediskaping og fleire arbeidsplassar?»

I tillegg blir det presentasjonar av konkrete verdiskapingsprosjekt på Vestlandet – med analysar av potensielle ringverknadar for regionen. Dette arrangementet krev påmelding.