tilsette på Europris Stord. Frå venstre Marius Polden, Lea Dyrseth, Torunn Gjerde, Hanne Glittenberg, Emma Stoknes, Oda Steensohn, Foran: butikksjef Lillian Espeland. Bak: Jørgen Fredriksen, butikksjef Europris Ågotnes.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lågpriskjeda har overteke dei gamle Biltema-lokala på Heiane.

– Butikkopplevinga blir ein heilt annan, og eg trur ingen blir skuffa i denne butikken, sjølv om forventningane blant kundane er skyhøge, seier butikksjef Lillain Karin Espeland.

Den nye Europris-butikken bir meir enn dobbelt så stor som den tidlegare butikken. Med dei gamle Biltema-lokala i tillegg til Europris sine opprinnelege lokale, får butikken 2100 kvadratmeter til rådvelde.

Det er meir enn ein fordobling av den tidlegare butikken, som var på 1000 kvadratmeter.

Opnar på torsdag

Den nye butikken vil opne torsdag morgon.

– Det blir kaffe, kaker og raud laupar, som seg hør og bør når me skal markere at me no er blitt meir enn dobbelt så store, seier butikksjefen.

- Annonse -
- Annonse -

Ho fortel at det ikkje er meir enn tre år sidan butikken sist blei bygd om.

- Annonse -

– Dette kan ikkje samanliknast med endringa me gjer no. Ikkje berre blir det plass til meir varer, men det blir også fleire varer og større utval enn i den tidlegare butikken.

Blant dei største i Norge

Stord-butikken vil utvide sortimentet med mat i form av frysevarer, egg, spekemat, eit utval sauser og nudlar.

Selskapet opplyser at ombygginga er det mest moderne av alle landets butikkar. Den er også blant dei største.

– Dette blir blant dei største i heile Europris-kjeda. Den er diger, seier Harald Bråthen i Europris-kjeda.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -