Ungar og tilsette var med på opninga av leirplassen torsdag. Foto: privat
- Annonse -

LESARBREV: Her skal me la barn vere barn med å leike fritt i naturen med fantasien sin – ja det er fantastisk å tenkje på at me skal få oppleve dette i vår barnehagekvardag, både for store og små.

Av: Maiken Taranger og Caroline Wolff, 
Nordbygdo Fus Barnehage

Torsdag 31. januar var endeleg den store dagen her, både barn og vaksne hadde i lang tid gleda seg, vert spente og førebudd seg til den offisielle opninga av leirplassen som me har arbeidd med i heile haust.

Det heile starta våren 2018, då dei to eldste avdelingane i Nordbygdo begynte å draume om ein stad i skogen der ein kunne leike, vera fri og drive friluftsliv heile året. Me ønskja oss ein stad der me kunne vera inne ute, ein trelavvo med ovn var perfekt. Barn og vaksne på Askeladden og Krubbakjeldo saumfarte skogen i nærområdet for å finne ein stad som kunne passe for oss. Ein vakker vårdag fann me ein flott opning i skogen, kanskje dette kunne bli plassen vår?

Godt og lunt inne i lavoen. Foto: privat

Det viste seg at barnehagen si historien til denne staden gjekk langt tilbake i tid. I gamle dagar når barnehagen hadde navnet Prestagardskogen, hadde barnehagen lavvo og leirplassar fleire stader kring nærmiljøet til barnehagen og nettopp på denne staden var det etablert ein leirplass. Etter som åra gjekk vart denne staden til den gamle leirplassen, men med nye barn og nye auge vart staden gjenoppdaga og går no gjennom ein ny renessanse. For oss er det spennande å oppdage «gamle» ting på nytt.

Med klarsignal frå grunneigar i fjor sommar kunne arbeide med å utarbeide leirplassen starte. Lavvoen vart bestilt og organiseringa av arbeidet vart sett i gong. Takka vera våre to gode sponsorar, Montèr Stord og XL – bygg Valvatna vart to flotte plattingar ein realitet. Ein platting som lavvoen skulle stå på og ein for å ete ute og ha aktivitetar på.

- Annonse -

Vidare har føresette, barn og tilsette gjort ein kjempe innsats med å rydde skog, sette opp taubaner, edderkoppnett, frakte materiell, byggje ute-do, plattingar og lavvo. Me har sett stor pris på det engasjementet og viljen alle saman har vist for å få dette prosjektet i havn. Me gler oss til å nyte dagane på leirplassen. I årsplanen vår skriv me kvifor me ønskjer å nytte naturen med barna.

“ Ute i skogen får borna vere naturlig fysisk aktive i leiken. Gode opplevelsar i forhold til å vere fysisk aktiv, vil gi glede og styre barnas motoriske utvikling. Å vere mykje ute i eit verdifullt tilskudd til barnets sosiale utvikling. I løpet av året skal både barn og vaksne vere med å påverke, besemme og utforske naturen og nærmiljøet, samt vere ute i all slags vær.”  – Årsplanen 2018/2019 Nordbygdo FUS barnehage.

Naturen gir barna ett fantastisk læringsmiljø, naturen er inspirerande, motiverande og me baserar våre opplevingar og aktivitetar ut frå barnas interesser og ståsted.

Å vere ute gir sterke minner for livet. Berre tenk tilbake på eiga liv! Felles erfaringar og opplevingar styrker oss som gruppe, gir oss eigen identitet og tilhøyrsle. Me er noko, me har skapt sammen og me høyrer saman. Gjennom naturen ønskjer me å bidra til vennskap der inkludering og samhold står sterkt.

Foto: privat

Her på leirplassen skal me følgje årstidene, me skal laga mat, me skal få erfaring med å nytte kroppen og oppleve meistring. Me skal få grunnleggjande erfaring og forståing av at natur og menneske høyrer saman, og er gjensidig avhengig av kvarandre. Her skal me få mange fine stunder. Både med forteljingar kring ovnen i lavvoen, motoriske aktivitetar ute i skogen og det å la barn vere barn med å leike fritt i naturen med fantasien sin – ja det er fantastisk å tenkje på at me skal få oppleve dette i vår barnehagekvardag, både for store og små.

På sjølve åpningsfesten som hadde dato 31.01.19 – var barna i barnehagen, føresette, XL-Bygg og Mònter tilstades. Med tale frå nestleiar Aud Lillian Brandsdal, snor-klypping og song av dei eldste barna var noko av programet på den store dagen. Barna hadde i forkant baka bollar som dei delte ut til alle, saft og kakao på bålet var også på menyen. I all snøen var det godt å gå inn i den gode varme lavvoen å få varma beina sine.

Ei fin markering og ein god møteplass for alle små og store i Nordbygdo Fus barnehage. Vi gler oss til fortsettelsen på denne magiske plassen vår!

Tusen takk til alle som har vore med å gjere dette mogleg!

- Annonse -