SI Aluminium i Sagvåg hadde ei rekkje brot på arbeidsmiljølova då Arbeidstilsynet var på tilsynsbesøk. Foto: Arbeidstilsynet
- Annonse -

Arbeidstilsynet har gjort vedtak om stans av utstyr hos SI Aluminium i Sagvåg grunna overhengande fare, og viser til ei rekkje brot på arbeidsmiljølova.

Under tilsynet var det konkludert med at SI Aluminium hadde brote fleire paragrafar i arbeidsmiljølova. Dette er blant manglane Arbeidstilsynet avdekkja:

  • Det vert opplyst at bedrifta ikkje har kjennskap til om løfteutstyr som plateklyper, sjaklar og stropper har gjennomført periodisk sakkunnig kontroll.
  • På spørsmål om kven som køyrer traverskran og truck har Arbeidstilsynet fått namn på desse personane, men det er ikkje dokumentert at desse har naudsynt kompetanse.
  • Det vert ikkje opplyst at alle på verksemda har fått opplæring i bruk av løfteutstyr.

Arbeidstilsynet viser mellom anna til at ein av dei tilsette ved verksemda køyrer truck utan at det er dokumentert at han har truckførarbevis.

Visste at krana ikkje var godkjent

I eit svarbrev datert 15. desember, opplyste SI Aluminium at traverskraner og ein teleskoptruck ikkje har fått godkjent periodisk kontroll.

Verksemda har opplyst at trucken ikkje er godkjent grunna feil og manglar. Vidare skriv SI Aluminium at kranane treng oppgradering for å bli godkjent.

– I løpet av det første leigeåret på Jensaneset har det oppstått problemar med traverskranen. Kran og kranens tilstand er noko som vil bli diskutert med huseigar ved inngåing av ny kontrakt i 2020, då denne treng oppgradering for å bli godkjent, skriv SI Aluminium.

- Annonse -
Det blei vedteke stans i bruken av denne teleskoptrucken. Foto: Arbeidstilsynet

På bakgrunn av desse opplysningane har Arbeidstilsynet pålagt verksemda å stanse bruken av dette utstyret umiddelbart.

– Arbeidstilsynet har heimel i arbeidsmiljølova til å stanse dei aktivitetane som medfører overhengande fare for arbeidstakarars liv og helse, skriv tilsynsorganet.

Arbeidstilsynet opplyser til Stord24 at forbodet om å bruke trucken og kranane framleis er gjeldande, og at det enno ikkje er fatta eit endeleg vedtak i saka som gjeld varslane om pålegga.

– Utstyret er ikkje i bruk i dag

HMS- og økonomiansvarleg i SI Aluminium, Cecilie Vold, seier til Stord24 at kranen no er i orden.

– Utstyret er ikkje i bruk per i dag. Når det gjeld kranen har me hatt folk på det og utført reperasjonar på den, så det har me kontroll på. Me har hatt innleigde truckar, og det me har me per i dag også.

– Kvifor har de brukt dette utstyret når de har vore klar over at det ikkje var godkjent?

– Eg ser ikkje noko poeng i at me skal kommentere noko meir utover at me skal følgje pålegga frå Arbeidstilsynet.

Vold seier bedrifta er trygge på at dei til slutt får godkjenning frå arbeidstilsynet.

– Dette er ikkje noko problem. Det vil skje.