Det første kommunestyret etter Harry Herstads død blei markert med minneord frå fung. ordførar Jakob Bjelland og eitt minutts stillheit. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Kommunestyret meiner rådmannen sitt forslag om innføring av gjeldstak vil gjere svekkja handlingsrommet for politikarane.

Det var ein komplisert og omstendeleg diskusjon i kommunestyret i dag om kor vidt kommunen skulle binde seg til strenge økonomiske styringsreglar for dei neste åra.

Formannskapet gjekk vekk frå punktet om gjeldstak frå 2021 frå rådmannen si innstilling. Men i kommunestyret la Venstre fram forslag om å innføre gjeldstak allereie i denne perioden. Han fekk støtte av Høgres Liv kari Eskeland.

– Sterkt bekymra

– Eg er sterkt bekymra for den gallopperande gjeldsutviklinga me har sett. Og det krevjer at me som kommunestyre må snu kvar ein stein og finne måtar å få ned denne gjelda på. Me meiner 2021 sannsynlegvis er for seint. Viss me ikkje gjer noko i denne perioden for å få ned gjelda, vil me binda framtidige kommunestyre på hender og føter og dei vil ikkje kunna få gjort nokon ting.

Nils Magne Blålid (SV) meinte eit gjeldstak i inneverande periode ville gjere det vanskeleg å få gjort investeringane kommunen har framføre seg dei neste åra.

- Annonse -
- Annonse -

– Viss me går inn for eit gjeldstak gjer me det veldig vanskeleg for oss sjølv å greie desse investeringane, sa Blålid og synte til bygging kommunale bustadar, sjukeheimsutbygging og ny ungdomsskule på Nysæter.

- Annonse -

Eskeland svarte at dette kunne løysast med auka privat utbygging. Men framlegget var fånyttes. Framlegget til Venstre fall med 12 mot 24 røyster. Dermed blir det ingen gjeldstak i Stord kommune.

Eigedomsskatt til drift

Det var ingen overrasking at koalisjonen støtta rådmannen i å opne for at inntil 11 prosent av eigedomsskatten kan gå til vedlikehald, då dette var det dei gjekk til val på. Også her kom Eskeland (H) med sterke protestar.

– Dette var eitt av prinsippa då me innførte eigedomsskatten at eigedomsskatten ikkje skulle nyttast til drift. Me meiner dette vil svekke vår evne til å investere, og meiner vedlikehald må gjerast innanfor den ramma me har i budsjettet utan å nytte eigedomsskatt.

Partia måtte ta eit gruppemøte på 10 minuttar for å bli samde om kva dei skulle røysta. Det enda også her med at koalisjonen fekk det som dei ville, med 22 røyster for og 14 i mot. Dermed vil det for første gong bli nytta eigedomsskatten til drift, og ikkje berre investeringar sli det har vore sidan skatten vart innført.