Kampen om ordførarvervet er ikkje over. Partistyret sin kandidat Lene Pilskog møter konkurranse frå Gaute Epland. Foto: Jonas Sære/Stord24/privat
- Annonse -

Eit fleirtal av medlemmane til Stord Ap som Stord24 har snakka med ønskjer ein debatt på medlemsmøtet om Lene Pilskog eller Gaute Epland skal bli ny ordførar.

Stord24 har gjort ein ringerunde til eit fleirtal av dei sto på vallista til Stord Ap frå kommunestyrevalet i 2015 for å lodde stemninga i forkant av medlemsmøtet til partiet 12. juni, der partiet skal velja ny ordførar.

Partiet satt ned eit utval som dei siste vekene har intervjua Gaute Epland og Lene Pilskog for å finne ut kven av dei som skulle innstillast som ordførarkandidat til partimøtet. Etter at utvalet denne veka melde at dei ville gå for Lene Pilskog kunne det for mange verke som at saka er avgjort.

Men Gaute Epland har likevel ikkje trekt kandidaturet sitt.

Fleirtal ønskjer røysting

No viser det seg at eit klart fleirtal av dei rundt 20 partimedlemmene Stord24 har prata med ønskjer at medlemsmøtet skal røysta over kven av dei som skal bli ordførar.

- Annonse -
- Annonse -

Fleire meiner det er mest demokratisk at medlemsmøtet tek den endelege avgjersla. Det vert peika på at utvalet som innstilte Pilskog har vore svært delt, og at medlemsmøtet difor før få seie si meining.

Leiar i Stord Ap, Henny Førland Berger. Foto: Arbeiderpartiet

Leiar for Stord Ap, Henny Førland Berger, fortel at ho ikkje hadde venta eit slikt utfall og at det dermed ikkje er bestemt om det vil bli opna for debatt eller innlegg i saka.

– Me hadde ikkje tenkt at eit slikt scenario ville bli aktuelt, og me har ikkje diskutert korleis me skal gjere det då. Men sidan styret har ei innstilling og den andre ikkje har trekt seg så reknar eg med at det kjem eit benkeforslag.

- Annonse -

Forstår ønsket

Berger har forståing for medlemmane som synest at det er mest demokratisk at medlemsmøtet får ta den endelege avgjersla.

– Det har eg ingen problem med. Det er jo eigentleg det mest demokratiske. Her er det ikkje snakk om noko strid eller nokon ting, seier Berger.

Gaute Epland stadfesta tidlegare til Stord24 at han ikkje har trekt kandidaturet sitt trass i utvalet si innstilling.

– Eg har fått med meg innstillinga og respekterer den. Eg registrerer at den ikkje er samrøystes og at medlemsmøtet skal ta den endelege avgjersla, sa Gaute Epland.

Stord Ap har 180 medlemmer. Det ligg altså an til at dei av medlemmane som møter opp på medlemsmøtet 12. juni får avgjere kven som blir Stord sin neste ordførar.