Meieribygningen vart i fjor selt til Engesund Fiskeoppdrett. Foto: Kjetil Rydland/Fitjarposten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Styret i Fitjar Meieri AS ynskjer å leggja ned drifta av selskapet innan 2022.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

Fitjar Meieri AS har vore i drift sidan 8.mars 1937, no fremjar styret framlegg til generalforsamlinga om å leggja ned drifta av selskapet.

Styret fortel at dei ser ein merkbar fallande omsetnad av varer, og viser til at det er sterk konkurranse med andre firma. Blant anna investerer Felleskjøpet Rogaland Agder millionar i ny landbruksavdeling på Heiane.

Linjerydding og pærabrann

Fitjar Meieri AS har tidlegare drive med linjerydding for Fitjar Kraftlag, men Haugaland Kraft som kjøpte linjenettet har eigne aktørar til denne jobben.

Fitjar Meieri AS har heller ikkje avtale med Mattilsynet om å kjempa mot pærebrann lenger. Dette var ei viktig inntektskjelde for selskapet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I fjor selde Fitjar Meieri AS både meieribygningen og kaien til Engesund Fiskeoppdrett. Bygningen frå 1953 har vore mykje nytta opp igjennom åra, alt frå faktisk meieri til rekneskapskontor og ølutsal.

Styret i Fitjar Meieri AS fortel at dei har prøvd å finna nye oppgåver til selskapet, men at dei ikkje har lukkast. No er det opp til generalforsamlinga korleis den vidare drifta av Fitjar Meieri AS blir.

50 år sidan meieridrifta tok slutt

I desse dagar er det 50 år sidan meieridrifta på Fitjar blei lagt ned. Frå 1. januar 1969 gjekk mjølka i Fitjar til Bergensmeieriet i Bergen. På omframt årsmøte i Fitjar Meieri 22. november 1968 blei det gjort vedtak om overgang til direktelevering, og at «sideverksemdene» til Fitjar Meieri skulle halda fram «førebels eit prøveår».

No har det altså blitt 50 «prøveår», med bra suksess. Meieriet har vore ein samlingsstad, og har generert mykje aktivitet i Fitjar i desse åra, blant anna rekneskapskontor, ølutsal, omsetning av kraftfôr og kunstgjødsel og kamp mot pærebrann.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -