Onar Westerheim held framleis stor fart. Her eit arkivfoto frå ein konkurranse i Nederland. Foto: Privat.
- Annonse -

Under NM for veteranar i Vikingskipet denne helga blei det fire sølvmedaljar til Onar Westerheim, som blei nummer to samanlagt i klassen M70.

Av: Kjetil Rydland

Vår beste mann på glattisen var denne helga på Hamar og konkurrerte mot dei beste skeiseveteranane i landet. Og som vanleg gjorde Onar det svært godt, og blei nummer to samanlagt,

Sjansen til samanlagtsiger for verdmeisteren vår rauk allereie på første distansen på laurdag, då han kom i mål på 49,29, eit uvanleg svakt resultat til Onar Westerheim å vera.

– Etter eit fæla krumspring på 500 var løpert køyrt! seier Onar sjølv.

Men derfrå og inn gjorde han det bra, med andreplassar både både på 1500, 1000 og 3000 meter. På 1000 meter måtte Onar sjå seg slegen av den gamle kjenningen Alf Gjølga, og dei tre andre distansane blei vunne av ein annan gamal rival, Egil Bokn.

- Annonse -

For storebror, Harald Westerheim, blei det også eit bra stemne på Hamar. Som vanleg var han langt bak på 500 meter. Men etter ein fjerde-, ein femte- og ein sjetteplass fekk han ein fin femteplass samanlagt blant dei elleve som fullførte 70-årsklassen.

Som vanleg hadde Westerheim-brørne følgje av Jan Henriksen og Kjell Håvard Belsvik frå Stord. Sistnemnde greidde ein flott fjerdeplass samanlagt i klassen M50, om lag åtte tidspoeng bak vinnaren, Atle Vårvik. Som vanleg gjorde Jan Henriksen det best på 500 meter, der han blei nummer no i 75-årsklassen.

Resultat frå klassen til Westerheim-brørne, som i år går i klassen M70:

Samanlagt i firkampen 500 – 1500 – 1000 – 3000 meter (plassering på enkeltdistansar i parentes):

  1. Egil Bokn 46,73 (1) 2.24,22 (1) 1.35,30 (3) 5.07,13 (1) 193,641 poeng
  2. Onar Westerheim 49,29 (4) 2.26,47 (2) 1.34,94 (2) 5.10,39 (2) 197,314 p.
  3. Alf Gjølga 48,16 (2) 2.29,87 (3) 1.34,75 (1) 5.22,66 (3) 199,267 p.
  4. Morten Saur 50,59 (7) 2.28,92 (5) 1.41,09 (5) 5.12,50 (3) 202,858 p.
  5. Harald Westerheim 51,83 (8) 2.34,09 (6) 1.42,46 (6) 5.26,69 (5) 208,871