Det var i mai i fjor at denne cabincruisaren gjekk på land i stor hastigheit på Fitjar-sida av kommunegrensa, nord for Jektevik. Foto: tipsar
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

To personar berga seg på land då båten dei køyrde kolliderte med eit svaberg nord for Jektevik. Politiet søkte lenge etter passasjerane før dei fekk kontakt.

Det var tidleg søndags morgon at naudetatane fekk melding om at ein båt hadde køyrd på land i eit svaberg ved Jektevik. Omfattande søk vart sett i gang, blant anna var eit Sea King-helikopter sett inn i søket ein times tid.

Brannvesenet på Stord og Haugesund sende redningsdykkarar og var ute med to båtar i Langenuen.

Etter kvart fekk politiet stadfesta at dei to personane som var om bord på båten hadde kome seg på land via vitneobservasjonar.

Foto: tipser

Ikkje fått kontakt

- Annonse -

– Me har fått stadfesta at dei har kome seg på land. Men me har ikkje fått snakka med dei personleg, og me kjenner ikkje til omstende rundt hendinga. Det er snakk om to norske statsborgarar, sa operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Jan Magne Østebøvik i 10-tida.

Klokka 11 melder politiet på Twitter at dei har kome i kontakt med to menn med tilknyting til Cabincruiseren som hammna på land.

Politiet kjem med kritikk for at dei ikkje hadde meldt seg tidlegare.

– Båtføreren burde varsla om hendinga, så hadde me unngått det svære søket som blei sett i gang, seier Østebøvik til BT.

Dei to båtførarane er no sett i arresten, og det har blitt teke prøver av dei på legevakta. Så langt er det ikkje stadfesta om dei hadde promille.

– Det veit me ikkje noko om, sa Østebøvik.

Han fortel at båten som køyrde på land har ganske store skader. Politiet er no i gang med  å avhøyre vitne.

Frykta drukning

Brannvesenet stilte med store ressursar då det var mistanke om at passasjerane hadde falle i sjøen.

– Me har bidratt med det me kan. Det gjekk litt tid før me fekk avklart at dette ikkje var snakk om drukning, seier innsatsleiar i Stord brann og redning, Leif Rune Vad.

Ifølgje vitne Stord24 har snakka med søkte Sea King-helikopteret ein times tid i området før det avslutta søket. Båten køyrde på land eit godt stykke nord for Jektevik, på Fitjar-sida av kommunegrensa.

Etter å ha  avslutta søket i sjøen starta politiet med søk på land etter dei to passasjerane, der dei også fekk hjelp fra Røde Kors.

– Båten har halde høg fart og me er bekymra for om dei to er skadd. Dei kan vere i sjokk, eller dei kan ha andre fysiske skader, sa Owe Frøland i Hovudredningssentralen til BT.no.

    Foto: Politiet

 

- Annonse -