Slik vil den nye elektriske ferja sjå ut, som no vert bygd på Oma Baatbyggeri på Stord.
- Annonse -

Oma Baatbyggeri har underteikna ei avtale med Boreal om bygging av ei ny elektrisk ferje som skal setjast i drift i Hordaland.

Ferja skal byggast på Oma sin verkstad på Stord og bli sett i drift frå 1. januar 2020, og skal trafikkere sambandet Kinsarvik – Utne.

Dette blir det aller første elektriske fartyet for den over 100 år gamle verkstaden.

– For oss er dette bygg nummer 540, men ferja er det første el-fartøyet me leverer. Dette er eit helt nytt konsept som er skreddarsydd opp mot nye miljøkrav, seier daglig leiar Gustav Oma i Oma Baatbyggeri AS i ei pressemelding.

Stabilt med arbeid

Den nye kontrakten vil vere viktig for å sikre arbeid til Oma sine tilsette.

- Annonse -

– Når det gjeld sysselsetjinga er oppdraget også viktig for oss, då det vil gi ein stabil arbeidssituasjon fram til vårparten 2019, seier Oma.

Kontrakten kjem berre to månadar etter Oma signerte ein kontrakt av bygging av eit fartøy for Offshore Windservice AS.

Kortreist ferje

Bakgrunnen for tildelinga av kontrakten er at Boreal og Skyss signerte ein kontrakt i april i år om drift av tre ferjesamband i Hordaland.

– Dette blir ei kortreist ferje, som både vert bygd og sett i drift i Hordaland. Oma Baatbyggeri er kjend for høg kvalitet og god leveringsdyktigheit og har tidlegere bygd fleire hurtigbåtar for oss. No ser me fram til samarbeidet om denne ferja, seier konsernleiar Kjetil Førsvoll i Boreal.

Den elektriske ferja vil vere utstyrt med batteripakkar som kan ladast frå straumnettet, og har i tillegg dieselmotor som reserveløysing. Ferja skal vil bidra til omfattande reduksjon i i CO2-utslepp og energiforbruk og vil bli lada på land

Vesentleg miljøforbetring

– Me tek i bruk ny teknologi, som både vil spare miljøet og auke kvaliteten for dei reisande. Sambanda skal driftast elektrisk med straum fra land. Det gir ein vesentleg miljøforbetring, seier Førsvoll.

Ferja vil vere 42 meter lang, 11,3 meter brei og vil bli laga i aluminium. Den vil ha kapasitet til 80 passasjerar og 16 personbilar.

- Annonse -