Atle Hansen. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: – At Stord taper i tevlinga om offentlege tenestetilbod er ein like logisk konsekvens av rådande norsk regjeringspolitikk, som nedlegginga av Borggata som handelsstad er ein konsekvens av næringslivet si lengt etter auka omsetnad.

Av: Atle Hansen,
3. plass på Stord SV i liste

I eit innlegg på Stord24.no meiner redaktør Jonas Sætre at ingen på Stord, andre enn Venstre og Frp, talar kommunen si sak i møte med sentraliseringa av både høgskulen og viktige samfunnsinstitusjonar. Ja, han kallar faktisk oss andre stordabuar for hovudlause høns. Eg er vel ein av desse hovudlause, eg då.

Vel, er eg ein førstereisgut i kommunepolitikken, men eg har då alltid oppfatta desse partia, V og Frp, som pådrivarar for samanslåinga av kommunar og fylke til større einingar. Er ikkje den utviklinga Sætre åtvarar mot nettopp ein konsekvens av dette?

Eg er samd med Jonas Sætre i at den kommunale leiinga har vore for lite aktiv i høve til Høgskulen på Vestlandet og dei farane for sentralisering og nedlegging som er der.  Han har også sjølvsagt rett i at viktige statlege funskjonar forsvinn ut av kommunen. I løpet av ganske få år såg me at Posten bygde stort bygg i Sæ, for å flytta ut like etter og Televerket gjorde det same. SKL selde seg til Haugesund og flytta til Heiane.

Eit monument over tida som var

Leirvik er på sett og vis eit arkitektonisk monument over ei tid som var. Fengselet, postbygget, telebygget, SKL-bygget, Borggata som både inneheldt private og offentlege tilbod. No er det sorenskrivarembetet som skal vekk.

- Annonse -
- Annonse -

Regionssenteret forvitrar og forsvinn. Alt er i endring, ei endring som er både vilja og styrt av politiske makthavarar og av kapitalistisk økonomi. Men endringa er også lagt til rette – og på sett og vis ønskt – på lokalt plan.

Sentraliseringa av offentlege tenester og privat handel og tenestyting er ein logisk konsekvens av utvikling og ombygging i samferdsla. Før var fjorden hovudferdselsåra, no er det dei stadig rettare vegane, bruene og tunellane. Å reisa til Haugesund frå Stord tek om lag ein time, om du held fartsgrensa heile vegen. Om lag like lang tid det tok å ta ferja frå Mosterhamn til Leirvik då eg var liten og skulle til skuletannlækjaren her.

Ein logisk konsekvens av kortare reisetid

Du trong ikkje vera stor profet og sannseiar, for å sjå at med Trekantsambandet kom mange offentlege institusjonar bli nedlagde og flytta til Haugesund. Du treng ikkje vera kommunist for å sjå at kapitalismen søkjer etter mest mogleg kostnadsfrie måtar å tena pengar på. At Olav Thon er storeigar av kjøpesenter er ikkje fordi at han synest det er triveleg at folk treffest for å snakka saman, men for at dei skal leggja at fleire kroner per rutemeter enn dei ville gjort i ei lang opa gate.

Du treng ikkje eingong vera sosialdemokrat for å skjøna at å byggja ned offentlege tenester for å setja dei ut til private, fører til færre offentlege arbeidsplassar, til svekking av både tilbod og kompetanse.

Ja, eg vil tru at jamvel langt inn i dei mest sentraliseringskåte partia vil ein sjå – og vilja -at å slå saman små kommunar og fylke til større einingar, vil føra til bortfall av arbeidsplassar mange stader og nedlegging av desentraliserte tenester.

At Stord taper i tevlinga om offentlege tenestetilbod er ein like logisk konsekvens av fylkessamanslåinga og rådande norsk regjeringspolitikk, som nedlegginga av Borggata som handelsstad er ein konsekvens av næringslivet si lengt etter auka omsetnad.

- Annonse -

Sentraliseringa av industrien

Jonas Sætre skriv om folkeveksten på Stord i etterkrigstida som ei nærast tilfeldig utvikling, noko som kom av seg sjølv. Det er jo det reine sprøyt. Ingenting kjem av seg sjølv. Folkeveksten på Stord på seksti- og særleg syttitalet var styrt av industriell sentralisering.

Stord var den einaste staden med industriarbeidsplassar for folk på Moster og Halsnøy, i Sveio og i Bjoa. Eg meiner å huska at på sekstitalet ville eit industrikonsern, eg trur det var Kleven, byggja skipsverft på Moster. Og eg huskar at pappa gledde seg til å sleppa pendlinga. Men Fred Olsen og Aker Stord stakk kjeppar i hjula, dei ville ikkje mista verdfull arbeidskraft, og skipsverftet vart lagt til Florø.

I byrjinga reiste dei i pendlarbåtar att og fram kvar dag. Far min var ein av dei første som tok til med dette. Han orka det i nokre år, heilt til Aker Stord bygde rekkehus på Ørehaug for arbeidarar som ville kjøpa dei for ein god pris, og med redusert lån, viss dei forplikta seg til å jobba på Tjøtteinen.

Slik vart det lagt til rette for at folk kom til Stord for å jobba gjennom medviten sentralisering. Og dei kom frå heile landet, slik dei kom til Husnes på sekstitalet og Odda og andre industristader, då kort veg til vasskraft gjorde det mest rekningssvarande å byggja industrien inne i tronge fjordarmar. I dag ligg desse stadene altfor langt frå dei økonomiske sentrum og vert lagde ned som konsekvens av dette. Dei er for dyre til å ta vare på.

Leirvik vert ei grøft på vegen til Bergen

I dag kjempar politikarar og næringsliv med alle dei midlar dei har til rådvelde for å få bygd motorvegar over verneverdig natur, og skamdyre bruer over opne fjordar. Kortaste vegen mellom storbyane er målet. Kommunar og bygder som ikkje ligg langs den raskaste vegtrasseen kan segla sin eigen sjø, me bryr oss like lite om dei som me gjer om dei gamle utrangerte industristadene inst inne i fjorden. Ligg du ikkje langs vegen er du ferdig.

Leirvik ligg ikkje langs denne raske vegen. Nei, Leirvik ligg i ei av grøftene på vegen til Bergen, og kven vil kjøra av i grøfta og stoppa der? Ikkje dei som vil tena mest mogeleg med minst mogeleg utgifter. Ikkje dei som skal styra og stella over store regionar. Ikkje FrP, Venstre og Høgre og dei. Ikkje Ap heller for den del. Dei vil alle til sentrum.
Haugesund vart ein avsides stad då dei første tunellane kom frå Stavanger. Leirvik vil lida same lagnad om nye E39 og  brua over Bjørnefjorden vert bygd. Og Fusa og Tysnes og Samnanger og det som finst der, kan me berre gløyma.

Dei som talar om mindre einingar, om korte reiser, om nærleik og natur – om meir demokrati, mindre sentralisering – er vel sett på som bakstreverske romantikarar av sentraliserings- og samferdsleforkjemparane. Eg er ein av desse romantikarane. Men også realist og sjølvsagt sosialist.

Framtida er ikkje olje

Eg trur mykje av det som har hendt ikkje kan gjerast om, diverre. Ikkje alle skader kan reparerast. Men eg trur også at om Stord-samfunnet skal leva vidare må det skapast nye arbeidsplassar, miljøvenlege og framtidsretta arbeidsplassar. Eg er overtydd om at dei i industrien veit og er medvitne dette og ønskjer ny produksjonsmåtar og produkt velkomne og me har alt sett gode døme på teknologisk og miljøvenleg nyvinning innan t.d. skipsfart.

Ingen som ønskjer å sjå framover kan tru og meina at dagens oljebaserte industri vil komma til å overleva. Ikkje eingong lokale fagforeiningskjemparar kan i fullt alvor tru at olja er framtida. Næringslivet og samfunnet på Stord har mange gongar måtta nyorientera seg, finna nye oppgåver, nye produkt – tenk berre på overgangen frå supertankarar til oljeplattformar. Det var teknologisk nybrottsarbeid av ufatteleg verknad. No er det på tide å bryta anna nytt land – for ikkje berre å tryggja lokalsamfunnet, men for å bidra til å tryggja framtida for alle.

No har eg i godt vaksen alder fått plass på ei partiliste til kommunevalet. Med dagens målingar er det store sjansar for eg kjem inn. Sjølv om min eigen livshorisont ikkje strekkjer seg svært langt, har eg barn og barnebarn som skal leva etter meg. Eg ønskjer å jobba for – og ta til orde for – at dei får ei så god framtid som mogeleg. Eg trur ikkje at det er ei framtid der ein må kjøra til storbyane for å få hjelpa ein treng, for å få utdanning, eller å handla. Eg trur det er ei framtid som byggjer på det nære og tilgjengelege og  på det som vil halda også lenger enn deira liv.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -