- Annonse -

Runar Kjeldsberg er kjent for å spele virtuos gitarmusikk med stor overbevisning. I februar er han hovudgjest når Stord Kulturskule arrangerer konsert i samband med «Den klassiske gitarens dag».

– Han skal spele gitarkomposisjonar på ein italiensk Fabricatore gitar frå 1830(!). Dette er ein sjeldan sjanse til å høyre eit så gamalt og verdifullt instrument, skriv kulturskulen i ei pressemelding.

Arrangementet har som føremål å setja fokus på klassisk gitarmusikk og presentera breidda av utøvarar som finst innanfor feltet. Konserten er eit samarbeid mellom Stord Kulturskule, Bømlo Kulturskule, Musikkavdelinga på HVL og Stord Vidaregåande skule si musikkline.

Kjeldsberg har i hausten 2017 hatt eit stort prosjekt på gong med innspeling av kjende soloverk av Francois de Fossa. Arbeidet førte med seg heider og ære på eit internasjonalt plan, og Kjeldsberg er rekna som ein anerkjend gitarist.

Forutan Kjeldsberg skal både elevar, lærarar og studentar opptre i ulike gitarorkester. Konserten byrjar søndag 4. februar kl. 18.00 i Konsertsalen på Stord Vidaregåande skule.

Billettane kostar 50 kr. for born og 100 kr. for vaksne. Elevar ved kulturskulen går gratis.

- Annonse -

Ifølgje pressemeldinga har publikum mykje å gleda seg til.

-Me er stolte over å kunne presentere våre flinke elevar og studentar i samspel.

- Annonse -