Aasta Hansteen-dekket har seilt i to månadar frå verftet i Sør-Korea. Foto: Statoil
- Annonse -

Tungløftskipet White Marlin, som transporterer plattformdekket, er no på siste innspurt av den to månadar lange seilasen frå Sør-Korea og vil vere framme i Sunnhordland om ei veke.

I følgje Marinetraffic.com befinn skipet seg no utanfor sørspissen av Portugal.

Statoil estimerer at det no vil ta ei veke før White Marlin og plattformdekket til Aasta Hansteen-plattforma vil vere framme hos Westcon i Ølen 29. november.

– Plattformdekket starta seilasen frå Sør-Korea 28. september. Me estimerte at turen skulle kome til å ta to månadar, og det ser det ut til at me treff temmeleg nøyaktig, seier pressetalsmann i Statoil, Eskil Eriksen.

Aasta Hansteen vil bli den største Spar-plattforma i verda. Teikning: Statoil/Technip

Samankopling i desember

Operasjonen som skal gjerast i Ølen er å løfte dekket frå tungløfteskipet og organisere sjøsikringa av strukturen, då det vil bli løfta over på to mindre farty som skal transportere det til Stord.

- Annonse -

– I Ølen vil ein overføre plattformdekket til fartya som så skal transportere det til Digernessundet. Dette kjem til å skje i løpet av desember.

I Digenerssundet ligg som kjend understellet til plattforma, som har vore der sidann i sommar. Når dekket så er kome fram til sin framtide livspartnar vil det ikkje ta lang tid før heile plattformen står samankopla i all si prakt.

– Når plattformdekket er overført vil ein også i løpet av desember samanstille plattformdekket med skoget. Dette vil skje i løpet av desember, og då vil ein også få inntrykk av korleis heile Aasta Hansteen-plattforma kjem til å bli sjåande ut for første gong. Så det blir ein spennande periode framover.

Vil ruve godt

Aasta Hansteen vil bli den største Spar-plattforma ai verda, og vil difor bli eit imponerande syn når samankoplinga er ferdig.

– Dette er jo eitt av dei tyngste plattformdekka me har transportert på fleire år. Det er jo allereie ein stor struktur som ventar på å bli samankopla med dekket, så dette kjem til å ruve godt når me får det samanstilt, seier Eriksen.

Ein spar-plattform som Aasta Hansteen har ein vertikal, sylinderforma eining med eit dekk på toppen. Dette sylinderet blir ballastert med vatn og jernmalm, for å auke vekta. Dette fører til å halde plattformen stabil i farvatna der Aasta-Hansteen-feltet ligg.

Det er venta at plattforma vil bli taua ut i feltet våren 2018.

- Annonse -