Kronprins Haakon kjem til Stord 23. august. FOTO: JØRGEN GOMNÆS / DET KONGELIGE HOFF
- Annonse -

Skal mellom anna gi helsing til over 1000 prosjektmedarbeidarar so er samla til grillfest i samband med 100-årsjubileet.

Fredag 23. august er det planlagt grillfest for medarbeidarane i dei største prosjekta som er under gjennomføring på verftet, som Njord, Johan Sverdrup og Johan Castberg.

Aller størst aktivitet er det i Njord-prosjektet, som for tida sysselset rundt 2000 personar i rotasjon. Equinor og Kværner inviterer alle medarbeidarane i prosjekta til grillfesten, og som ein del av Kværner-besøket vil Kronprinsen framføra ei jubileumshelsing til forsamlinga.

– Me har hatt eit hendingsrikt jubileumsår så langt, med ei rekkje arrangement internt og eksternt. Det at Kronprins Haakon no kjem på vitjing vert eit flott høgdepunkt i jubileet. Me set stor pris på at han i ein hektisk kvardag tek turen hit til oss, og gler oss til besøket, seier verftsdirektør Steinar Røgenes.

Inviterer lokale barnehagar

Kronprinsen kjem til verftet fredag 23. august 2019 kl. 10.00. Besøket vil inkludera synfaring på nokre av Kværner sine store og viktige prosjekt, møte tilsette og helsing til over 1000 prosjektmedarbeidarar som er samla til grillfest.

Då startar dagen ved velferdsbygget og det 112 kvadratmeter store veggmaleriet som er oppført i høve jubileet. Dette vil vera ope for publikum. Her vil også lokale barnehagar bli invitert for å møta Kronprinsen.

- Annonse -
- Annonse -

Kronprinsen skal deretter innom Kværner sitt industrimuseum, kor han vil møta 96 år gamle Leif Nilsen og dei andre pensjonistane som har bygd opp og driftar industrimuseet.

Ferda går deretter inn på verftsområdet, via den gamle tunnelen kor det er hengt opp ei fotoutstilling i høve jubileet. Inne på verftsområdet vil Kronprinsen få høve til å ta nærare i augesyn strukturar til dei ulike prosjekta. Han vil også få sjå det store oppussingsarbeidet på Njord på nært hald, og høve til å møta prosjektmedarbeidarar og lærlingar.

- Annonse -

Kl. 11.30 skal Kronprinsen etter planen ta del i programmet for ein felles grillfest for alle prosjekta, som Equinor og Kværner inviterer til.

Programmet vert avrunda i styrerommet, kor Kronprinsen vil møta leiing og tillitsvalde i Kværner, og få informasjon om teknologi- og kompetanseutvikling i industrien, og korleis Kværner ser på framtida. I tillegg til verftsdirektør Steinar Røgenes, vil også konsernsjef Karl-Petter Løken og konserndirektør Elly Bjerknes ta del i besøket frå Kværner si side. Frå kunden Equinor vil konserndirektør Anders Opedal vera til stades.

28 år sidan sist kongelege besøk

Kronprins Haakon har vore på verftet ein gong tidlegare, då han som 17-åring vitja verftet saman med Dronning Sonja under signingsferda.

23. mai 1969 var Kronprinsesse Sonja og Kronprins Harald på verftet, då Kronprinsesse Sonja var gudmor under dåpen av Hilmar Reksten sin turbintankar «Kong Haakon VII».

Kong Olav og Prinsesse Astrid var på verftet 27. juni 1958, i tilknyting til at Prinsesse Astrid var gudmor for redningskryssaren «Haakon VII».

7. juli 1948 kom Kong Haakon, Kronprinsesse Märtha, Prinsesse Ragnhild, Prinsesse Astrid og Prins Harald på besøk med berre to timars varsel, då dei var i nærleiken og ønskte å sjå nærare på sildoljefabrikken og skipsverftet.

- Annonse -