Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -

KOMMENTAR: Stord24 er ei abonnentsavis, og vårt mål er å produsere best mogleg journalistikk for abonnentane våre. Så enkelt er det.

Av: Jonas Sætre,
redaktør i Stord24

Ei avis bør normalt vere varsam med å kritisere lesarane sine. Ein kan ikkje vere i mediabransjen dersom ein er hårsår, for det vil alltid vere slik at svært mange har sterke meiningar om prioriteringane me gjer. Hadde me ikkje fått kritikk, så hadde me ikkje gjort jobben vår.

Men det finst nokre unntak som det rett og slett er vanskeleg å la vere å kommentere. Eit av desse vil eg ta opp her. Og det gjeld kommentarar frå folk som nærast krev å få lese sakene våre gratis.

Det skjer med jamne mellomrom at folk sleng ut ein frustrert kommentar fordi dei ikkje får lese saker gratis. Det er ikkje så mykje å bry seg med. Men på måndag var det svært mange som hissa seg opp over at dei ikkje fekk lese reportasjen vår om Lars Petter Vatna, som blei utsett for blind vald på Leirvik i helga, utan at dei måtte vere abonnent på Stord24.

Nokre skriv at saka burde vore open for å hjelpe Vatna å få inn tips om kven valdsmannen kan ha vore. La oss sjå litt på dette. Denne saka blei først kjent etter at Vatna sjølv skreiv om det på sin lukka Facebook-profil. Han har med andre ord valt å ikkje gjere innlegget offentleg, slik at det kunne ha spreidd seg. Vidare så er det slik at Vatna har svært lite informasjon om gjerningsmannen, anna enn at han var moglegens i 20-åra og mørkt hår. Det var ingen augevitne til hendinga, og ikkje ein gong politiet har hatt nok informasjon til å etterforske saka. Skulle dette blitt ein stor klikksak som hadde gått viralt på sosiale media, kunne dette like godt ført til ein heksejakt på nokon som svarar til svært generelle skildringar.

- Annonse -

Hadde det vore politiet som gjekk aktivt ut og etterlyste tips i ei sak, så ville me hatt saka open for alle. Men denne saka er ein gjennomarbeida sak, med fleire kjelder, som underteikna journalist brukte store deler av søndagskvelden på å lage. La det vere sagt med ein gong: Slikt arbeid gjer me ikkje for gratispassasjerar.

Ingvild skriv i ein kommentar at det er «skammelig at dere skal tjene penger på andre sin skandale og uheldighet!», som kommentar som ho har fått 24 likes på. Meiner ho då at me aldri skal ta betalt for å skrive alvorlege saker? Kva slags insentiv meiner Ingvild at lokalpressa skal ha for å ta opp vanskelege tema i samfunnet, og å løfte fram historiane til som til dømes har falle utanfor samfunnet, dersom me skulle gitt vekk denne journalistikken gratis?

Stord24 er ei abonnentsavis, og vårt mål er å produsere best mogleg journalistikk for abonnentane våre. Så enkelt er det. Unntaksvis har me sakene våre opne, når det er snakk om alvorlege hendingar. Til dømes var dekninga vår frå dødsulukka på Stordabrua open for alle, utan at nokon ser ut til å reflektere i ressursane me brukar på ei slik dekning.

Alle oppegåande folk forstår at ein ikkje kan marsjere inn i ein daglegvarebutikk og kreve å få ei vare gratis, sjølv om ein hadde vore svolten og blakk. På same måte er det på grensa til frekt når folk nærmast krev å få gratis tilgang på journalistikken vår.

Stord24 har lagt oss på ein abonnentspris som få lokalaviser i Norge kan matche. 99 kroner månaden er ein svært låg pris på å få tilgang til journalistikken vår. Difor praktiserer me også ein streng betalingsmur, fordi me er heilt avhengig av eit volum på abonnentsbasen vår for å få nok inntekter til å betale utgiftene våre.

Så er det ikkje slik at alt dette er hogd i stein. Me er lydhøre for innspel. Men dersom me skulle ha lagt ut fleire saker gratis, så er det slik eg ser det to moglegheiter: For det første at fleire teiknar eit abonnement på Stord24, eller så måtte me ha auka månadsprisen til for eksempel 149 kroner.

Med andre ord er det abonnentane våre som måtte ha tatt rekninga for å tilfredsstille alle dei som vil lese Stord24 gratis.

Det kan de gjerne diskutere. Køyr debatt!