Amfi Stord. Foto: Thon Eiendom
- Annonse -

Forsøkte å stele 12 flaskar med øl.

Seint torsdag kveld meldte Sørvest politidistrikt om at ein lite suksessfull butikktjuv hadde vore på ferde i Leirvik sentrum.

Butikktjuven blei nemleg tatt på fersken av betjeninga på Coop Extra på Amfi-senteret.

– Tjuven stal tolv flaskar med øl. Politiet gjorde avhøyr på staden, opplyser politiet.

Det blir oppretta sak på forholdet.