Det er meldt om røyk og vassdamp og tunnelen er stengt i begge retningar.
Klokka 09:12 torsdag morgon fekk politiet melding om røyk frå ein lastebil i botn av Bømlafjordtunnelen. Naudetatane rykte ut og det viste seg at det var oljesøl som hadde forårsaka røyken.
– Lastebilen står i botn av tunnelen, men eg er ikkje sikker på i kva retning, opplyser Thomas Nordvik, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt.
Han kan ikkje på noverande tidspunkt sei noko om politiet vil opne opp for manuell dirigering. Bergingsbil er rekvirert og inntil vidare er begge løpa i tunnelen stengt.
– Det er også litt oljesøl som må vekk, seier operasjonsleiaren.
Det er ikkje meldt om personskade.
Klokka 09:51 melder Vegtrafikksentralen på Twitter at Bømlafjordtunnelen har opna for trafikk med redusert hastigheit.