Klubbleiar Richard Storevik i Leirvik AS. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det ligg an til omkamp i Arbeidarpartiet om utgreiing av oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. – Eg kjenner meg ikkje heime i partiet, seier Richard Storevik.

I 2017 vedtok eit fleirtal i partiet å gå for vidare utgreiing av oljeverksemd i området Lofoten, Vesterålen og Senja.

Men no, i forkant av Ap sitt landsmøte, ligg det an til ein omkamp av vedtaket.

Heile 10 av 15 fylkeslag har vedteke å frede området. Det er dermed full splid om korleis partiet vil stille seg til eit nytt oljeeventyr i nord.

– Me orkar ikkje meir

Ein av dei som reagerer på den store motstanden i partiet, er fagforeiningsleiar Richard Storevik. Han er klubbleiar på Leirvik AS, og står på lista til Stord Ap før kommunestyrevalet til hausten. Til nettstaden Frifagbevegelse.no fortel Storevik at han vurderer å melde seg ut av partiet.

– Me orkar ikkje meir, me føler oss håna. Eg begynner å miste kjensla av å vere heime i Arbeidarpartiet, seier Storevik.

- Annonse -
- Annonse -

Han har ingen sans for grasrota og AUF sin argumentasjon om at Norge ikkje vil ha behov for å ta opp meir olje  framtida.

- Annonse -

– Eg har stått på barrikadane for AUF, og gått for deira visjon om nullutsleppsamfunnet. Men dei lyg i dissensen når dei seier at behovet for olje er lite i framtida. Når me kjem med fakta, så møtest me berre med at me kjem frå «den mektige oljelobbyen». Då byrjar det å koke i blodet, seier Storevik.

Fagforeningstopp melde seg ut

Nettstaden skriv at Roar Abrahamsen, som er leiar av Fellesforbundet sin største avdeling, allereie har meldt seg ut av Arbeidarpartiet etter 30 års medlemsskap.

– Arbeidarpartiet sviktar våre medlemmer, våre arbeidsplassar og vårt grunnlag for velferdsstaten, skreiv Abrahamsen på Facebook i følgje VG.

Vestland Ap var blant fylkeslaga som røysta for konsekvensutgreiing, med to tredjedels fleirtal.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -